mandag 22. august 2016

Første natt i telt!

Etter jobb og skule på fredag satte vi kursen mot Lone camping i utkanten av kommunen for å tørrtrene ei natt der! Alternativt kunne vi ha gjort dette i eigen hage, men det er noko med å komme seg vekk frå muligheten til å gje opp og leggje seg i eigen seng om det ikkje blir så stas med telt likevel.
Natta var valgt med omhu. Det er nokre veker sidan vi kjøpte teltet på nettet og vi ville ha ei god opplevelse, så vi måtte ha gode værutsikter! På veg til campingen var vi innom XXL og kjøpte soveposer til meg og mannen, samt eit liggeunderlag. På plass brukte vi litt tid på å knote opp teltet. Det var ikkje instruksjoner i posen, så - ja - det tok litt tid. Men opp kom det!
Da var det berre å kvile på ei stund medan vi fikk med oss de siste strålane med sol før den gjekk ned bak fjellet i 19-tida. Sjå på teltplassen vår da!
Tanken er at vi skal telte ute på fjell, men sidan dette var på campingplass med bilen like ved, hadde vi tatt med campingstolar og ymse stæsj. Flott med campingferie!
Campingplassen ligger ved eit vatn, så det var fint med ein kveldsvassing eller bad (lillsøster er ei badenymfe!). Vi har enda ikkje kjøpt noko å lage mat på, men det var ingen problem det heller sidan vi kunne koke vatn på kjøkkenet. Med oss hadde vi rett-i-koppen-produkter. Det blir litt kaldt med det samme sola forsvinner og da var det godt med noko varmt!
Kveldsmat ved vatnet
Vi hadde begge ungane i seng i 21-tida og de sovna fort! Vi rakk å lese i det svinnande lyset i ein time før det var så mørkt at det berre var å leggje seg i nye soveposar!

Iløpet av natta vart eg veldig kald, men det var kun meg. Ungane sov godt, eg og mannen sov ok - nok. På laurdags morgon var vi vokne rundt kl.8 og hadde god tid til å lese i teltet før vi stod opp og spiste frukost. Overalt på campingen var det folk som hadde vore vokne i fleire timar alt - det slepper vi unna på fjell - det blir ein del lyd av masse folk! Etter ei litt halvgod natt er det jo litt dumt å bli vekt av naboteltet som spiser frukost og pratar masse.
Storebror leser Donald og koser seg MAX!
Som du ser hadde vi også med de gode putene frå sengene våre heime. Det er også luksus som ikkje kjem til å bli prioritert når vi skal bære alt med oss opp på fjellet først!
Sola kom snart fram frå fjell og skyer og det vart kjempevarmt! Vi måtte vere ute av campingområdet kl.12. Teltet var veldig vått etter den fuktige lufta på natta så det trengte å stå i solsteiken mest mogleg før vi pakka det ned! I mellomtida gjekk vi på bakeri og handla boller som vi kunne spise til frukostdessert!

Vi var ute av campingen kl.12 og det kjennes ut som om vi hadde vore på ferie! Heilt annleis enn det vi vanlegvis bruker å gjøre på ein fredags ettermiddag! Vel heime sovna både eg og mannen, men ungane holdt det gåande! Vi har i alle fall lært korleis vi setter opp teltet, og kor tunge soveposane våre er. Vi har også lært at vi trenger noko å koke på eller ein bålplass - ellers har vi alt vi trenger for ei natt i den ekte naturen! Da var det berre å vente på neste natt-til-laurdag med bra vær!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...