Lillesøster fikk velge og da vart det Stoltzekleiven. No mercy opp de trappene der! OH MY LORD! Det var så varmt og klamt at svetten sila frå trinn fire. Ikkje eit vindpust heile vegen opp! Vi hadde kledd godt på oss og oppover trapene forsvant det eine klesplagget etter det andre. Eg gjekk med sekken for å avlaste ankelen til mannen, og den vart berre tyngre og tyngre! Phuu! Der kompenserte eg godt for at tempoet var noko rolegare enn om eg skulle ha gått utan barn. På toppen tok vi ein god drikke - og salte-kjeks-pause før vi gjekk innover og mot Fløyen.
![]() |
Eg og storebror i fin driv. |
Vi gjekk vidare i godt over 2 km på grusveg og kom til den nye klatreparken på Fløyen! Her har vi ikkje vore før, og den er for så vidt ikkje heilt ferdig enda heller, men ÅH så gøy den var! Eventuelle slitne bein var ikkje slitne lenger når vi kom hit!
Etter ei lang leikepause her kjøpte vi is på Fløyen som vi åt med denne utsikta:
Ungane leika litt på leikeplassen før vi gjekk Tippetue ned igjen og mot Sandviken der bilen vår stod parkert. Akkurat denne vegen ned frå Fløyen har vi ikkje gått før, og her såg vi denne: Fløyenpilen!Vi brukte heile 4.5 timer på runden og masse av tida gjekk til leik og pauser. Slik vart det i går med fint vær og ingen planar for resten av dagen. Sidan vi ikkje gjekk ned til sentrum som vi pleier var det også enklare å komme seg heim framfor å spise middag i byn som det fort blir til.
![]() |
Ein fin søndagstursirkel på to fjell |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!