onsdag 10. februar 2016

Tween?

Storebror har den siste tida begynt å oppføre seg litt annleis. Litt som ein tenåring. Han skiftar på å vere roleg, reflektert, sakleg og fornuftig til å vere bråsint, ilskrikande og hjelpeslaus.
Når eg spør onkel google svarar han at storebror er ein Tween. Han fyller snart 8 år, og mellom 8 og 12 er barna Tweens, mellom barn og tenåring. Og det stemmer jo overeins med korleis han oppfører seg.

I går reiste mannen på fotballtrening medan eg låg med matforgiftning på sofaen (happy days altså!). Utan å gå inn på detaljar brukte storebror og eg ein del tid på å diskutere kva han fikk til sjølv og kva eg måtte hjelpe til med. Han ville ha hjelp, eg meiner han er stor nok til å gjøre det sjølv. Diskutere er forresten ein overdrivelse. Eg argumenterte, han sa "Umpf".

I dag tidleg gjekk eg ned for å sjekke kvifor han ikkje hadde stått opp da klokka ringte, og da såg eg at han i går kveld, etter at eg hadde vore nede for å seie god natt til han, hadde laga 10-12 post-it-lappar der det stod med store bokstavar: STOPP MAMMA!!!!!!!!! Desse hadde han hengt rundt overalt på døra si. Her var eg ikkje velkommen inn!

Heldigvis er eg lurare enn han, enn så lenge, så eg trilla han rundt fingeren nok til at eg leverte ein glad og god unge på skulen som ropte "Jeg elsker deg" da han lukka bildøra. Enn så lenge har eg han ganske godt i snøret, men eg ser jo at han er på veg vekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...