tirsdag 9. februar 2016

Hotellhelg


Mannen hadde ønska seg ei oppleving i bursdagsgåve. Eg hadde ikkje hatt så masse tid til å tenkje på det, og derfor satt eg og svetta litt på dataen på torsdag og lurte på kva eg skulle finne på. Det meste av det eg såg på vart veldig dyrt for to, samtidig som det medførte de praktiske utfordringane det er å skaffe barnevakt for ei heil helg.
Derfor valgte eg noko som alle kunne vere med på, og alt denne helga slik at det vart ei skikkelig bursdagsgåve, ikkje eit gåvekort som vi brukte om nokre månadar. Etter lunch på laurdag plinga eg på glasset og sa at alle måtte gå og pakke det de trengte for det neste døgnet. Storebror synas IKKJE dette var noko gøy, men det gjorde de to andre, og til slutt var vi klare i bilen. Det var så gøy å køyre avgårde medan de prøvde å finne ut kvar vi skulle!
Målet var Quality Hotel Edvard Grieg på Sandsli, eit nyåpna hotell frå 2015. Eg hadde bestilt stort familierom - og her skulle vi berre la feriekjensla råde! Noko vi også gjorde med middag på resturant, og snop i hotellsengene. Begge ungane fikk bade så lenge de ville -vi kjøpte eige skumbad (vi har ikkje badekar heime, så dette var STAS) som vi brukte masse av, og fylte i to gongar kvar! Lillesøster plaska i nesten ein time, det var berre så fint!
På hotellet hadde de ein konferanse, så eg spurte i resepsjonen om også vi kunne forsyne oss av popcorn og softis. Det var i orden, så ungane åt softis to gongar på laurdagen - de fikk forsyne seg sjølve både med is og strøssel - nam! Mest for ungane? Neida, dette var stas for mannen også!!
Da ungane omsider sovna i 22-tida var det vin på rommet - MMmm!

Storebror mista omsider den andre framtanna si på laurdagskvelden! Den har vore laus i minst eit halvt år, og den andre tanna har alt komt ut - så dette var på tide! Vi var litt usikre på om tannfeen fann han, men det gjorde ho; på søndag låg det ein tikroning i glasset på badet!
Vi åt ein lang og nydleg hotellfrukost med masse økologiske val - alt smakte deilig!! Vi låg i sengene og las og spelte nettbrett fram til utsjekk - ingen grunn til å skunde seg heim!

Det var så fint med ein liten miniferie ganske så impulsivt - og mannen var VELDIG glad og overraska! Gøy!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...