mandag 12. august 2024

Juli - og ferie!

Medan eldstebarnet var på Island på sin første utenlandstur uten foreldre, reiste vi andre til Moss for litt flatt landskap, bading, festninger og gamlebyer - Tusenfryd og Sverige.

Og ektemenn med eit heilt tre festa på nakken.
Vi hadde to dagar med omstilling heime i Bergen før vi lot Moss og Island vere historie - og reiste til England. 
British Museum - i tropehete og folkemengder. Her er favorittrommen - The Reading Room. Her er det 4.8 km med bøker rundt veggane!
The National Gallery - også her med tidevis ventetid i kø for å sjå noko. Men her var det også aircondition i nokon av rommene, så vi brukte god tid og fikk sjå fleire virkelig flotte utstillinger!
Vi vandra gatelangs - mykje - åt god mat, handla fine ting og fikk med oss både flinke gatemusikantar, fine bilar og hyggelige folk!
Det er fint å kunne sjå kva klokka er. Vi var også inne i Westminster Abby, og fikk sjå Newton sitt minnesmerke. Ein must for de av oss som har lest Dan Brown.
Etter hektiske storbydagar var det nydeleg å komme fram til årets husbytte i Oxford. Slik låg eg i timesvis de neste to vekene. Sol, skugge, bøker og lange dagar med tid til både opplevelser og ro.
Huset vi budde i låg like utanfor sjølve Oxford,
 og det er fint å vandre i området når det ser slik ut overalt! 
På kvelden vart hagen "vår" magisk :)
Vi tok ein dagstur til Stratford for å trakke i Shakespeare sine fotspor. Denne statuen av Hamlet var noko av det første vi såg. Dagen her er eit av høgdepunkta i ferien vår!
Eit anna høgdepunkt er Stonehenge. Sjølvsagt. Heilt magisk! 
Lunchpause med utsikt. 
Sidan vi hadde bil kunne vi kjøre akkurat der vi ville - og stoppe akkurat der vi ville. Dette er ikkje utan risiko - det skal ikkje så masse til før ungdommane i baksetet synas vi tar oss for mykje ut - men nokon stopp er heilt på sin plass. Som dette stoppet - midt i ein liten by der vi åt deilig middag og fant lykkemynt (like nedenfor dette bygget som stod midt på parkeringsplassen).

England hadde hetebølge medan vi var der, og her er vi på byvanding i Oxford i saunavarme!
Det er aldri langt til nærmaste pub, og her er bakgården til nabopubben vår, 3 minutter gange frå huset vi budde i. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...