fredag 6. september 2024

August, gøye ting og mykje regn

 Månaden starta der juli slutta - i Oxford - med sol og morgonkaffe i hagen. 

I Oxford er det tett mellom utdanningsinstituasjonane, brukthandlarane og bokbutikkane. Her oppdaga vi - via ei litt skjult trapp - eit kjellarlokale som blåste oss heilt av bana. For ein draum for oss som er glade i bøker!
Museer er det også fleire av, og eit av de flottaste vi var på i sommar var Oxford University Museum of Natural History. Sjå lokalet (og dinosauren)!
Blenheim er no vår andre heim (i alle fall velger vi å tru det sidan vi har årskort der). Sjå opp når du går inn. Nokon ser ned.
Sommarfuglhus! Er det mogleg å bli varmare og gladare? Trur ikkje det!
Europa sitt største privateigde orgel, og vi var så heldige at vi fikk med oss ein konsert av husorganisten! For ei oppleving!
Vel heime i regnbyen Bergen (lite visste vi da at vi skulle ta fleire regnrekkordar i august) var vi rette mennesker på rett plass da ei stjerneskot hadde sin første konsert. Heia!
Inspirert av storebror som bruker sykkel som framkomstmiddel på lengre distansar enn meg, sykla eg (meg vill) på veg til Fana og tilbake. På heimvegen sykla eg nok ein gong gjennom sykkeltunellen. Digger den! Også veit eg vegen heim derfrå.
Ein laurdagskveld på teater for å le. Og minne seg sjølv på kvifor teater er noko heilt for seg sjølv, bak alle pengane og arbeidet som blir presentert. 
Ei vannlilje som kun blomstrar ein gong i året skal blomstre - og eg er på plass, saman med NRK og flerie andre, for å sjå at den foldar seg ut. Det gjorde den ikkje så lenge eg var der, men eg fikk smake urtete frå hagen, og eg fekk sjå og stikke meg på bladene. No - nokre veker seinare - veit eg enda ikkje korleis akkurat denne lilja såg ut. Men det var gøy å vere der - og ein stor snakkis i byen!
Ein litt kortare arbeidsdag for å rekke å sjå ei kunstutstilling som snart skulle pakkast vekk. 
Lillesøster og eg var med på buldrekurs ein kveld, noko som var supergøyt og gav oss gangsperre i dagevis etterpå! Henge i veggen gjør vi snart igjen!
Med to gratiskonsertar i parken, to kveldar på rad, var det berre å kle seg med ull og regntøy både torsdag og fredag; og vere der. Saman med mange andre. Nydlege orkesterkonsertar og fint å vere ute i regnet!
Eg fikk snike meg med på ein liten tur med veterantrikken - noko eg har hatt lyst til i veldig mange år! Det var akkurat like stor stas som eg truddet det skulle bli, og etter at vi var komt fram til endestasjonen, og alle de andre medpassasjerane gjekk av - fikk eg lov til å sitte på heile vegen tilbake til garasjen, som einaste passasjer! Eg er framleis heilt starstruckt!  
Paddel med gode venner ein regnfull søndag.
Det var regn. Veldig mykje!
Luksustid med servering og tid til å lese bok (om tid. Og om stillhet).
Nok ein tidlegare avlogging fra jobb for å få med meg meditasjonskonsert i dette lokalet som er eit av mine favorittlokaler å vere på utstilling i. Litt kvardagsmagi midt i veka.
Månaden vart avslutta med heilt unaudsynt luksus på hotell. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...