Julemånaden vart starta i suite på Bryggen med kaffe i senga. Kvelden før var vi på julebord og det var skikkelig deilig å ha ein heilt roleg morgon med gamle amerikanske komiserier på lineær TV.
Etter utsjekk gjekk vi på Julelotteriet for å sjå om eg klarte å vinne meg eit heilt eget kunstverk på medlemsskapet mitt. Eg vant ikkje, men var litt nær ein gong, og uansett var det ei oppleving å vere med på! Med eit lite hint av eksklusivitet - love it!Det er tida for dagslysturar. Det er uansett vær i helgene, men ekstra fint når det er skikkelig lys og sol! Og laaange skuggar!
Vi er prøvepublikum på det som var ein publikumssuksess før showene var i gong. Eg satte stor pris på klassiske sketsjar og ny humor frå fersk komiker. Også satte eg pris på de gode stolane på Forum. Det er ein lenge vedvarande samtale om kva stolar som er noko på kulturinstitusjonane og kulturbyggene i Bergen - ein samtale som fikk seg ein intern oppsving i desember!
Bergen er ekstra pen i desember når alle vinterlysene er tent, og det er heilt i orden å stå her og vente på bussen.
Ein kveld på teateret for å komme i julestemning og for å sitte i ro litt.
Ein kveld i Grieghallen for å høyre eit av mine favorittrequiem - og rett og slett miste pusten av musikalsk monumentalisme.
Første juleferiedag og eg besøker to av byens kunstmuseer. Utstillinga av nokre av Ambriosa Tønnesen sine verk var heilt fabelaktig - og noko av det flottaste eg har sett i heile 2024!
Årets mørkaste dag hadde knapt nok dagslys. Men ut på tur likevel - med ei lita pause i ly for regnet.
Nokre dagar før fristen, 24.desember, fullførte eg AdventsUltra. 100 km ila desember. Denne gjorde eg også under pandemien, og det var meir utfordrande å komme i mål denne gongen. Men det gjekk - med fleire dagar til gode!
Romjulsyoga - men her var det mykje motstand å finne! Det ser i det minste triveleg ut på bilete.
Årets siste dag og årets siste joggetur. Kanskje årets første i snø - og det var ikkje mykje av det - men eg brukte piggskoene mine uansett. Før eg rakk å bli kald igjen etter joggeturen, fikk eg med meg fotograf og livvakt på bading. Da vart eg svært effektivt iskald. Det var litt vær også - og det gjør innpakkinga til badinga ubehagelig (badinga er det enklaste på slike dager).
Godt nytt år!