Vinterbading er framleis i vinden - og i mars var det lyst uansett. Vi måtte begynne å dekke oss litt til når vi skifta klær, og vi fikk ørlite sol på vinterkroppen vår. Vatnet steig til 7 grader, og mot slutten av månaden var det deilig å ligge uti - utan å fryse.
Det er boklansering av ei friluftslivsbok skrevet av ein bergenser for bergensere - og vi inviterte med oss nokre turglade venner og tok oss ein heilaften i eit av byens heller nyare lokasjoner.Når ein av mange favorittforfattarar besøker biblioteket er ein sjølvsagt på plass både tidleg og seint. Dette var frå eit besøk som var så tidleg at han ikke hadde komt enda, utan at det la nokon demper på steminga, eller innholdet.
Vi reiser til eit barndomsminne - og lar eigne barn skape små nye minner under høg himmel.
Sola kjem inn på jobb tidlegare og tidlegare og varmar opp kald vinterkropp. Og lagar skuggeteater av kvinne som drikker kaffe.
På veg heim frå ei fantastisk ballettforestilling i Grieghallen ser byen slik ut. Ballett er forresten noko for seg sjølv når ein sitter på første rad og høyrer sko, pust og klær som gnissar. Bonus!
Nokre dagar på jobb er på grensa til fritidsgøy, og ein slik dag var vi på omvisning i kongens bustad. Alltid ein glede.
Eg reiste sørover for å markere kvinnedagen i Danmark. Ikkje heilt derfor, men det var det eg gjorde. Kun eit bilete vart tatt - og det var dette. Her skulle eg nå ein buss kl.17:25.
Det er duka for den siste generalprøven på DNS før de stenger for å pusse opp. Fin og mørk scenografi - og god lysdesign.
Eg tar nokre møter med eksterne utenfor bygget og det kan kjennes som om vi er på date av og til. Men vi får andre samtalar utan pc mellom oss, og eg trur vi blir litt betre av det.
Turen går til Oslo, og eg får sjå Jon Fosse i Nationaltheateret midt i ein stor gjeng med sarkastiske ungdommar. Fosse sin tekst klarte likevel å trenge igjennom til de aller fleste av oss. I alle fall meg.
Kaffe i hotellsenga er noko av det beste eg veit. Eg hadde til og med litt urban utsikt denne gongen.Eg er igjen i Oslo ein dag ekstra etter jobbavtalen for å besøke teater og museer. Eg rakk å sjå den første salgsutstillinga til William Heimdal - og sjå på måleriet her! Så mykje bra, og heilt utsolgt.
Folk eg kjenner har jobba med den nye utstillinga på Astrup Fearnley, og eg fikk sjå nytt og ubehagelig - og ting eg har sett før, som denne favoritten!
Nasjonalmuseet er ein anna favoritt. Her hadde eg ikkje nok tid, men fikk sjå nesten alt eg ville sjå.
Tilbake i Bergen feira vi stort at eldrebarnet fylte 17 år! Hurra og 17 lys! Ute var det vår, så vi fant fram utemøblane og hadde delvis feiring ute i varmen.
Månadens siste dag satt eg midt på første rad i Grieghallen for å oppleve Jon Fosse i operaversjon. Eg er så glad eg fikk med meg den - dette var verdt å bruke tid på.