onsdag 1. oktober 2025

Septembersprell del 2

Eg fikk ressurser til å leie eit veldig spanande prosjekt på jobb, så vi feira heime med Nobelbobler og skåling!

Vi har fått pus nummer 2, som kjem frå ein heim der han har hatt få reglar. Akkurat da dette biletet vart tatt var vi så lei av å ta han ned frå bord at vi lot han ligge på stuebordet. Men no har eg fått ny driv, og eg tar han ned også derfrå. Eg veit ikkje når eller om det fungerer eigentlig.
Vi er på middag og show med svigerfamilie, og koste oss (delvis) med denne karen. 
Ei helg var det boklansering og bobler - og god tid til å vandre rundt. Å gå i bokhandel med stettglass er noko ein bør gjøre langt oftare. Kjøpte bok gjorde eg også, og la den på toppen av stabelen eg alt hadde henta frå biblioteket. 
Eg får med meg ei kunstutstilling, som eg alt no, to veker seinare, knapt hugsar. Men dette biletet frå gjesteboka huska eg.
Det er nydleg haustsol, og i september poppa det opp sopp overalt. Ein gong tidlegare denne månaden gjekk eg tur over nabofjellet, og møtte på nokon som plukka sopp og som heilt tydleg prøvde å gjømme seg for meg da eg kom. Så eg måtte gå ein tur til, og sjå kva det var for sopp som vokste der de hadde vært. Det var ein Lactarius indigo - ein sopp ein kan spise. Den var skikkelig stilig, men eg veit ikkje kvifor de måtte gjømme seg. Skogsstilen er flott da.
Det er foredrag om korleis kristendommen har forvalta Maria-skikkelsen, og det er berre å dukke opp og bli mindblown. Alt ein ikkje veit noko om altså! Så spanande!
Eg er på tidleg morgonurpremiere på ein av byens scener, og vandrer igjennom nydlege gater med låg morgonsol, haustblader, lys og skugge. 
Siste helga i september er eg i Trondheim der eg studerer i haust. Her er morgonlys over sunnmørsalpene, med sola på de høgaste toppane. På biletet ser lyset ut som berre lys, men det var rosa og heilt fantastisk!
Eg hadde god tid før vi begynte på fredagen, og i sommarvarme gjekk eg rundt i byen og sjølvsagt innom for å beundre Nidarosdomen. 
Der var eg tilbake seinare på kvelden for å høyre stor musikk. Eg trur ikkje det går an å ha det betre enn vi som var der den kvelden. 
Etter 9 timarsdag på universitetet og siste rest av viljestyrke, fikk eg med meg ei eineståande danseforestilling ute i 15 varmegrader, saman med store delar av byen. Dette var noko av det beste eg har sett, og eg er så glad for at eg kom meg dit!
Ein litt roleg søndagsmorgon i hotellsenga før dag 3, og heimreise. 
Hei sognefjorden!
Siste kvelden i september delte vi saman med dette viktige forbilete. 
September, du var fin og innholdsrik 🤩

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...