Den første haustmånaden hadde med seg fuktighet, kalde morgoner, varme ettermiddagar og veldig mykje fint lys. Som her - frå verandaen vår.
Kveldskjøreturer blir ekstra fine når sola står rett inn slik som her. I alle fall for den som sitter på og er ansvarleg for musikk, klima og fotografering :)Kveldsstemning frå Festplassen mot Ulriken. Bak skyene til venstre for masta er ein enorm måne. Eg skulle så gjerne ha hatt eit bilete der den var framme, men eg hadde ein avtale og måtte gå. Men dette vart kult det også!
Det er mykje meir budsjett, strategi og posisjonering i jobben min enn ein skulle tru, men innimellom ser arbeidsdagen slik ut, og da er det samsvar mellom det mange trur og det som er virkelighet! Også gjør slike påminnelser den tyngre delen av jobben meir meiningsfull.
Eg har ein lang arbeidsdag, og står og ventar på å bli plukka opp av mannen med denne utsikta. Solnedgang i september er noko for seg sjølv!
Vi badar - også i regn (derfor paraply). Eg skulle vidare på eit møte og måtte vere tørr i håret. Det forklarer kanskje paraplyen. Vi er framleis på 16 grader i vatnet halvvegs uti september!Ein må vite å sette pris på kollegaer som er fødd i samme vindkast som deg sjølv - og sjå denne herlegheita når du opnar skuffen på jobb.
Foreldremøte og notater på skrivepulten bakerst til venstre i klasserommet. Eg ser ikkje bort frå at dette betyr noko anna enn rosa og barbie, men eg synes den var søt. Også trur eg det er første gong eg har sett skribling på ein pult sidan eg sjølv uttrykte meg slik.Nok ein god arbeidsdag - denne gongen med både bobler og makroner. Og der var vi halvvegs i månaden alt!