mandag 9. februar 2026

Januar del 2

Fredagskveld - god film, halvgod vin og skikkelig god sjokolade!

Eg er frivillig i kyrkja, og det finnes knapt ein stad der ein får meir takk for så lite som der! Skyhøg trivselsfaktor!
Vårt lokale dansestudio er på flyttefot og vi er alle med og hjelper. Eg baker yinyang-kjeks som eg tar med til dugnadsgjengen. 
Eg tar initiativet til ein lunch der eg samlar alle som jobba saman den-gong-då, og får med meg ein nydleg bukett med blomar heim som takk.
Vi er med på publikumsprøve på Verftet - årets første teaterframsyning.
Eg startar kor på jobb og henger opp plakatar i bygget. Første øving var i februar, og det var 27 tilstades på første øving! Så utruleg gøy!
Eg flyr austover i soloppgongen. Bergen sett frå vindusplass. 
I Oslo var det ubehagelig kaldt og forferdelig luftkvalitet! Men inne var det lunt og tilgang på mykje snacks! Eg holdt foredrag og kjente meg som ein programleiar som sa "No er det god stemning her i salen i Oslo! Eg håper de som sitter heime også har det fint, og har like god kaffe som oss!". Ganske så artig!
Eg er på teater og ser ein klassiker - noko bra, noko midt på treet og noko som eg trur ikkje gjekk heilt som det skulle.
Hotellsengkontor og kaffe? Ja, takk! Eg satte meg på stolen seinare - det blir lenge med 7 sengetimar og laptop. 
Eg var på premiere på Nationaltheatret og var langt mindre begeistra enn de fleste andre i salen. Jaja, alt er ikkje for alle. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...