søndag 14. september 2014

Ut på tur!

Etter å ha vandra opp og ned på byfjellene i heile vår har vi hatt pause i fjellturar i sommer (med unntak av Preikestolen). Dette gjeld familien - enkelte andre har vore i djup treningsmodus og gått både ein og to gongar opp på ymse fjell for å nå rett puls over lang nok tid.

Sånn post-halvmaraton gledar eg meg over energi som eg kan bruke på familieaktivitetar - som fjellturar. I dag er det sol og deilig vær, og vi skal gå Vidden frå Ulriken mot Fløyen. Eg har gått fleire gongar, men det er første gong for mann og barn. Vi hadde tenkt å berre ha med storebror, men så bestemte vi at vi skulle gå alle fire. Vi vurderer å gå ei anna rute ned, så eg er usikker på kor langt det blir. Frå Ulriken til Fløyen er det ca.13 km. Men det er ok/flatt terreng og nydleg utsikt heile vegen. Vi tar Ulriksbana opp for å spare tid og krefter der.
I dag skal desse føttene og fjellskoene gå ein lang tur!
Vi kjøpte fjellsko til ungane i vår som alt er brukt mykje. De har også avlasta joggeskoene ein del, noko som er bra - de blir gjerne godt brukte før de er for små. I dag er det nok tørt og fint; det har det for så vidt vore heile sommarhalvåret; men Gore-tex er gull i fjellsko! Vi kjem nok til å kjøpe eigne fjellsko til ungane neste år også! Riktig utstyr er jo halve jobben (også rosiner da;))!

lørdag 13. september 2014

Bremykt steke og bake

Sist veke fikk vi ein ny buzzador-pakke på døra. Denne gongen fikk vi prøve ut Bremyk sin nye smørtype "Bremyk steke og bake". Vi bruker vanlegvis Bremykt på brødskiva, men Tine Smør til steiking og baking.
Pakken frå buzzador i kald isoporeske.
Sponsa av Bremykt? Neiiiidaaaa...
Vi la vekk restane av Tine sitt smøt, og har no brukt Bremykt Steke og Bake i ei veke. I forhold til Tine synas vi det fungerer like bra - det lager god steikeskorpe på kyllingen vår, og fungerer heilt fint. På tysdag denne veka hadde vi middagsbesøk, så da satt eg bolledeig rett etter middag slik at eg kunne servere nybakt bollepizza til kveldsmat. Dette er NAM NAM! For å få ein mest mogleg luftig bakst er det lurt å elte inn smør i terningar heller enn å smelte det og ha det saman med mjølka. Her såg eg ein stor forskjell frå Tine sitt smør. Bremykt vart fortare mjukt i romtemperatur, noko som er TOMMEL OPP sidan eg alltid gløymer å ta fram ingrediensane før eg skal bake. Å elte kalde og harde smørterningar inn i deig tar tid! No gjekk det mykje fortare - og det liker eg!
Bollepizza er snadder, og nesten alt forsvant! Ingenting er vel så godt som ferskt og varmt bakverk? Det fall i alle fall i smak hos alle åtte!
Kan vi forsyne oss no?
Eg har også tenkt å bruke Bremyktsmøret når eg skal prøve meg på småkjeks med mykje smør i - for å verkleg teste smak og konsistens! Denne kjeksdeigen skal kvile og elte og smelte og avkjøle - så det har eg ikkje hatt tid til å gjøre enda. Men det ligger inni planane!
Nok ein kjekk buzzadoroppgåve er utført og vi har kosa oss med god mat! Også er det jo kjekt å gjøre noko ekstra utav vanlege dagar! Godt smør er nesten eit must i godt bakverk og god mat generelt. Eg er usikker på om eg kjem til å bytte ut Tine heilt, men kanskje vi kjem til å bytte litt på? Dette er i alle fall sunnare, med 20% rapsolje - sikkert grunnen til at det blir fortare mjukt på kjøkkenbenken?

fredag 12. september 2014

Fredag!

Jippi, det er fredag og helgeglede! Ekstra kjekt er det jo at

1. det skal vere fint vær heile helga
2. alle er friske
3. ingen skal jogge halvmaraton

Litt mindre kjekt er det kanskje at underteiknande skal jobbe heile laudag, men det må til om det skal bli lang juleferie i år. Dessutan har mann og barn store planar i hagen, så eg jobbing hadde det fort blitt uansett.
I dag skal storebror på besøk til ein kamerat. Han er glad i å FÅ besøk, guten vår, men litt mindre glad i å reise på besøk. Vi er glade for at han innimellom vil det og heiar han avgårde. Eg hadde tenkt å ha treningsfri denne veka, men no har det kribla i beina mine i to dagar - eg vil ut på tur! - så eg vurderer sterkt ein joggetur i ettermiddagssola. Kjenner eg gler meg alt!
Håper du også har ein fin fredag!

torsdag 11. september 2014

4-årskontroll

I dag fikk lillesøster vere med meg på jobben. Ho hadde pakka nistemat og litt "jobbeting" i sekken sin og var berre den søtaste kollegaen eg nokon gong har sett! Grunnen var at vi skulle på 4-årskontroll på helsestasjonen, og sidan eg må levere storebror i tide til skulen vart det ikkje høve til å sove lenger (slik vi har brukt å gjøre når vi har hatt slike avtaler tidlegare).

Timen på helsestasjonen gjekk fint, i alle fall etter at den verste flauheten hadde gitt seg. Ho er lengre enn gjennomsnittet, og lettare, men følgjer sine eigne grafer finfint! Ho fortalte at snop fikk ho kun når ho skulle til frisøren (noko som er sant - bortsett frå at det er snakk om storebror og "Pappas snop og klipp" - noko som henger igjen frå da storebror ikkje ville bli klipt før lillesøster var fødd), og at ho likte all mat, men "det gjør ikke storebror".
4-åringen og "babyen" har slokna på sofaen etter gjennomført barnehagedag.
Det einaste spørsmålet ho retta seg opp i ryggen og svarte høgt og tydleg på var da helsesøster spurte kven vennane hennes var. Det er jo det som er med denne ungen - så glad i vennane sine at da vi køyrte til barnehagen etterpå satt ho og småhoppa i bilsetet av glede! Etter at eg hadde parkert sprang ho ut, og heldigvis var alle ute i finværet - og lillesøster ropte "HEI" og tilsynelatande alle i barnehagen ropte "HEI" tilbake, også vart ho møtt av ein stor gjeng venner og alle vart så glade at de sprang rundt i ring og skrattlo!

Så sjølv om det er stas å vere med mamma på jobb er det meir stas å vere i barnehagen!

onsdag 10. september 2014

Duun, Moyes og Burpo

For tida leser eg tre bøker samtidig. Ei  i hardcover som ligger på nattbordet,
ei i paperback som blir flytta på mellom sofa og sengekant, og ei i e-form som ligger på nettbrett og mobil. Olav Duun sin "Mennesket og maktene" har støva ned ved sidan av senga i nokre veker, den er sjølvsagt eldre i språket og krever ein viss hjernekapasitet for å bli lest. Derfor fell valget gjerne på "Et helt halvt år" i e-form, eller "Himmelen er på or'nli" som renner igjennom hovudet utan motstand.

Det høyrer med at eg kjenner at energien er tilbake etter vekesvis i halvmaratontåke, og da er det håp om å klare å lese meir enn eit kort kapittel på senga kvar kveld. Kanskje har eg tre nye bøker innanbords neste veke? Det er jo fordelen med å lese fleire bøker på ein gong!

tirsdag 9. september 2014

Merkehelg!

Gjett kven som lærte seg å lese i helga?

JA! Storebror! Han har sidan sist vinter vil eg tru kunne stave ord. Han høyrer lydane og staver ord til oss. Men når det har komt til den andre vegen - lage bokstavlydane om til ord - har han vore heilt på bærtur. Så på bærtur at vi trur han tar tulla med oss.

Sjå her. S - K -O. Kva blir det?
Ehhh.... S - K - O? Romskip?
Men korleis stavar ein sko da?
S - K - O
Og da bli S - K - O???
Åååhhhh, eg vil ikkje!
Kjell Nupen sin "Krukke" som står i Kristiansand.
Men i helga satt han og las Donald Junior - eit Donaldblad der alt står med store bokstavar. Plutselig ropte han på meg og sa "eg las dette! Høyr: I dag skal vi reise ut på en øde øy."

Det er jo så fantastisk gøy!! Bladet var heilt nytt, så vi hadde ikkje lest det for han tidlegare. Han har klisterhjerne, så han hadde nok hugsa det om vi hadde lest det for han. Vi jobbar vidare med lesinga kvar dag (noko som også er eit ønske frå skulen). Han liker ikkje å ikkje klare alt lett og skikkelig med ein gong, så han blir fort frustrert - men no klarer han det jo - han har forstått lesekoden - så da er det berre å øve seg vidare!

Så langt synas han leseleksene er kjedlige, der går berre de samme bokstavane igjen og igjen. Og når han har lest de to gongar kan han de utanatt. Derfor lar vi han lese ord i aviser, bøker og på matvarer. Det har vi også prøvd på før, men med lite hell. Øvelse, øvelse, øvelse! Eg og mannen synas nok det er kjekkare enn guten i røyken! :)

mandag 8. september 2014

Halvmaraton!

Kvifor har du eigentlig lyst å springe halvmaraton?

Eg skjønnar at folk spør, men så har eg ikkje noko skikkelig svar. Fordi det er noko å gjøre? Fordi eg lærer noko av det? Fordi det er noko som er kjekt å ha gjort?

Ja.

Eg har tenkt og tenkt og tenkt i månadane før. Kvar einaste trening, tre dagar i veka, har eg tenkt på at eg skal jogge meg gjennom 21,1 km. Kvar gong eg har fått vondt har eg tenkt "ÅNEI! Har eg skada meg? Held eg på å bli sjuk slik at eg mister ein del av opptreninga?"

No er det SÅ GODT å få plass til andre tankar. No har eg jo gjort det! Ikkje vart eg skada spesielt lenge om gongen, og sjølv om eg var sjuk sist veke gjennomførte eg på laurdag. Utan problemer!
Halvmaraton kan ein gjennomføre utan trening. Men eg ville jogge utan stopp, og eg ville prøve ut opptrening i større grad enn eg har gjort ved tidlegare gjennomførte 5 km-løp. Det ligger masser av treningsopplegg på nettet. Eg fann ein som passa meg med tre treningar i veka. Ei langkøyring, ein intervall og ein styrke/alternativ trening. Snart lærte eg at eg ikkje kunne følgje den slavisk. Gjekk eg på fjellet med familien i helga kunne det gå som alternativ trening, ikkje i tillegg til tre økter. Å la musklane få kvile er viktig!
Eg tusja ut treningane etterkvart som eg gjennomførte de. Det var einaste "belønning", i tillegg til at eg skriv opp i a-planen etterkvart. Treningsveka på biletet var full av alternativ trening - altså fjellturar i stor grad. Denne treningsveka var ca.2.5 mnd før halvmaraton. For det har vore mykje trening! Alt da.

Mykje trening betyr mykje forbrenning. Eg gjekk fort ned i vekt, så eg har måtte spise mykje meir enn eg vanlegvis gjør - i form av kaloririke pålegg som feit fisk, gode oster og leverpostei. Tunfisk og kikkerter. Protein er viktig! Mjølk, tran - ekstra store middagsposjoner. De siste 6 vekene klarte eg å vere stabil. Dette er viktig - poenget mitt med treninga var å klare å jogge langt! Ikkje vege mindre.
Eg hadde to par (på eit tidspunkt i vår) nye joggesko som eg bytta mellom slik at føttene ikkje vart slitt likt kvar gong. Av desse likte eg best de lilla, og det var de som tok meg med gjennom løypa på laurdag.

På løpsdagen, 6.september, var det overskya og ca.15 grader. Perfekt joggevær! Eg la meg langt bak i feltet sidan det også var NM i halvmaraton. Ein rekker å tenkje mykje på 21 km, men kort fortalt gjekk alt veldig fint. Eg møtte ein liten vegg rundt 9 km, men valgte å ta fire gåsteg ved neste drikkestasjon slik at eg fikk i meg nokre slurkar energidrikk, og eg kom meg vidare. Det var mange frivillige langs vegen som ropte og heia, og det hjalp faktisk enormt! Når du er ved 18 km merket og begynner å bli lei av å jogge så er det stor verdi i å sjå at nokon ser på deg, smiler og roper "Knallbra jobba! Du er snart i mål!"

Eg kom i mål på 2.20 - og er så fornøyd! I målområdet stod mann og barn med ein nydleg blomsterbukett og tenk: EG VAR FERDIG! Eg hadde jogga heile vegen og hatt kontroll på puls og teknikk. All treninga i forkant gjorde det til ei god oppleving, og ein fantastisk mestringsfølelse! Det er langt å jogge 21 km, og tenk at kroppen min klarte det! Eg stivna godt til i beina etterpå, men i dag har eg kun lett gangsperre. Det er nesten litt rart!

To barn og halvmaraton? Bra jobba kroppen! ;)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...