søndag 12. oktober 2014

Chestnuts

Eg og lillesøster fann chestnuts i Nygårdsparken sist helg. Eg veit ikkje kva de heiter på norsk, så det blir chestnuts. Og da kjem det veitdu -

chestnuts roasting on an open fire

The Christmas Song er ein av mine absolutte julesongfavorittar! Vi begynner med julemusikk i slutten av november, og eg kan ikkje vente! Fleire som gler seg til jul? ;)


lørdag 11. oktober 2014

Helg i Myrkdalen

For to veker sidan lånte vi igjen firmahytta til mannen som ligger i Myrkdalen, utanfor Voss. Sist vi var her var det sol og varme. Denne gongen var det regn og tåke - men pytt pytt - vi hadde jo med oss underholdning i form av venner :)
Eg hadde vore sjuk heile veka før vi reiste, så det passa meg for så vidt bra at været var dårlig slik at eg kunne ligge på sofaen ein heil del!
Men ungane ville ut! Ved hotellet stod det ei lita leikehytte som de kosa seg i og rundt.
Mest var vil likevel inne. Vi hadde med spel, teiknesaker, nokre leiker, nydleg peanøttkake, film, chips
og plastelina. Viktigst hadde vi med fire unger som leika kjempefint saman! Det var så kosleg om morgonen når vi kunne høyre at de gjekk saman på badet alle fire, og prata masse heile tida. To på seks år, ei på fem og ei på fire - ein super gjeng! Helga gjekk fort, og både eg og mannen kjente på lave skuldre og kvilepuls da vi kjørte heim etter middag på søndag. Det er styrete å pakke seg ut av huset for ei helg, men hjelpes kor godt det er å komme seg litt vekk!!

fredag 10. oktober 2014

Oppussingshelg

I dag køyrer eg ungane halvvegs til Florø for å avlevere de til mormor og morfar. Det er planleggingsdag i bhg, og haustferie på skulen - så dette er den einaste sjansen for langhelg før juleferien. Vel tilbake i Bergen skal eg og mannen vere i huset vårt utan nokon barn, for første gong. (Vel - vi hadde to timar utan barn i juli, men da gjekk vi på fjellet) Med to ledige voksne håpar vi å få gjort unna mykje arbeid på soverommet vårt.
Finaste!
Det er vel ingen som lurar på kven som får ei finaste helg? *men snart kan vi lure på kven som har finast soverom! ;)

onsdag 8. oktober 2014

Laus tann!

Første dag på skule er ein stor dag som sjølvsagt er "åj, så stor babyen min har blitt"-aktig. Men likevel er ein forbredt på dagen, og derfor kjem den ikkje badust på.

Det gjør derimot første lause tann. I alle fall når eg og tannlegen var heilt enige om at han kom til å miste tennene sine seint sidan han fikk tenner seint (han har jo ikkje hatt de i seks år ein gong!). Da eg kom og henta han på SFO i går kom han springande mot meg med open munn og "Mamma! Eg har fått ei laus tann!" Eg vart så overraska og glad og rørt på ein gong - har eg verkelig ein unge som mister tenner? Det er jo berre store barn som gjør! Når vart eg mamma til eit stort barn?
Storebror - ikkje lenger noko baby.
Og no er vi så spente! I alle fall eg og han! Han lurer på ALT! Når detter den ut? Er det vondt? Vil den ha røttene framleis? Vil det blø? Når kjem den nye tanna ut? I dag tidleg hadde han meir eller mindre denne refleksjonen:

"Kor mykje får vi for ei tann? Veit du ikkje? Kan du ringe tannlegen i dag og høyre? De veit sikkert. Kanskje er det tannlegane som kjem og hentar tanna også? Nei? Tannfeen? Korleis kjem den seg inn da? Gjennom pipa eller gjennom vindauget? Veit du ikkje? Magi? Nei, det er ikkje magi som gjør at nissen kjem seg ned pipa, han berre setter frå seg sleden på taket. Påskeharen er også magisk. Er tannfeen liten? Kan den komme igjennom eit nøkkelhull seier du? Det er jo veldig lite. Også tar den tanna og legger den i ein pose. Vil den ha tanna i mold eller i vatn? Ja, eg trur vi tar vatn - så ser den at den ligger der."

Lillesøster på sin side fikk lettare panikk da ho fikk sjå den lause tanna og begynte å grine "EG VIL IKKJE MISTE TENNENE MINE!!!!"

- og livet går vidare

tirsdag 7. oktober 2014

Frosne dinosaurar

Eg har begynt å følgje ei side på facebook som dagleg gjer meg tips om enkle og kreative aktiviteter ein kan gjøre med barn. Dette tipset fanga eg opp der. Sist veke kjøpte eg ein pose med billige dinosaurar på nille som eg fraus ned i vatn i ymse små formar.
Vi er i full gang med oppussing heime, og min jobb er å holde ungane happy. Easy Peasy for så vidt, men eg vil ikkje ha TV på - og da blir det av og til verre. No leika de finfint saman heile laurdag, og halve søndag - så da ettermiddagen kom og de begynte å irritere kvarandre hadde eg jo eit Ess opp ermet!

Ute i ettermiddagssola utstyrte eg ungane med kvar sin flaske med lunka vatn - og aktiviteten bestod enkelt og greit i å tine dinosaurane ut av isen sin. "Ånei - eg klarer ikkje å puste!"

Dette var knallgøy! Det gjekk ein del vatn, men det gjør ingenting! Det var kult å sjå at det varme vatnet laga elver gjennom isen!
Flygedinosaur i månesigd. :) Storebror kan navnet på de fleste, eg kan kun ein og det er ikkje denne.
Vi brukte nesten ein time på å tine ut alle dinosaurane, og best av alt: ingen opprydding! Hadde det vore regn ute hadde eg latt de ta over badet. Det vart litt kaldt for hendene å jobbe ute, men alt går når ein reddar dinoliv!

mandag 6. oktober 2014

Sol!

I dag er jammen alle som har haustferie heldige! Sol og varme i oktober er aldri feil! Vi har vore på jobb, i barnehage og på SFO, men veit å utnytte været når vi er heime  
Så godt det er med eige uteområde!
Vi burde vel ha begynt klargjøring av vinteren. Tatt ned trampolina og plukka søppel frå eit halvt år med hageliv. Men akkurat i dag føles vinteren så langt vekke.

søndag 5. oktober 2014

Søndagsro


Etter nokre hektiske timar på Vil Vite-senteret i Bergen avslutta eg og lillesøster formiddagen i dag i Nygårdsparken. Denne parken sykla eg igjennom kvar dag på veg til universitetet i 2001/2002 - og no er eg nesten aldri der lenger. Men kvar gong eg er innom slår det meg kor flott det er der! Og i alle fall i dag, med sol og varme haustfargar!


Storebror og mannen var high på livet inne på Vil Vite. Jentene var high på livet i varm haustsol - nydleg!

Håper de også har hatt gode augeblikk i dag!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...