torsdag 8. juli 2021

All about June

 Monsterpannekaker fikk sin - om enn kun ein opptreden - renessanse. Sist eg lagde de var det kun eg som åt; denne gongen var det kamp om godsakene. Ypperlig restemat; brune bananer og noko slapp spinat gjekk i røra (og var eigentlig heile grunnen til at eg lagde de).

Nokon fylte 50 år og vi kunne flotte oss med hagefest i knallvær!
Andre har for mykje pels til årstida, og er både varm og langt over snittet søt!
Når det innimellom har vore overskya i juni er det berre å hive innpå med te! Den vakre koppen er 40-årsgåve til meg frå nokre gode kollegaer; og kamomilleteen som ligger i vatnet er frå fjorårets Danmarkferie.
Vi har fått humler i hustaket like ved kjøkkenet vårt. Vi vil ha pollinering i hagen, så vi lar de være så lenge det ikkje blir FOR irriterande. Enn så lenge går det heilt fint! De blir tjukkare etterkvart, så eg lurer på om de på eit tidspunkt ikkje kjem seg inn igjen. Vi får sjå.
Sommarfest saman med mine nye kollegaer (som eg ikkje hadde sett før) med god mat og masse latter!
Utandørskonsert med 600 publikummere, inndelt i 3x200. Konserten var fin, iskald og klissvåt! 
Men mest av alt har juni vore dagar på dagar med knallsol og steikande varme!

onsdag 2. juni 2021

Mai! Allerede?

Månadens første dag var laurdag. Dagen før hadde eg handla på Plantasjen, men lot alt stå inne over natta sidan det var meldt nattefrost. Da vart det sommar etter frukost neste dag med blomster overalt! Sitrusplanten var ei gåve, men den skulle ikkje overrekkast før søndagen, så den fikk pynte opp her heime først. Den likte eg så godt at eg trur eg må kjøpe ein til oss også!


Kvar veke i mai var eg med på utandørs styrketrening - så gøyt! Det er så fint å få være ute!
Flinke frivillige krefter har laga bru over eit myrete området i nærleiken, så eg har fått ei ny yndlingsjoggeløype da skogen plutselig vart mykje meir tilgjengelig for oss! Også er det skikkelig gøy å jogge over her! 
Første veka i mai fekk barn og unge møtast til fritidsaktiviteter inne igjen, så eg hadde ein time i Fyllingsdalen som eg brukte på å gå opp på Damsgårdsfjellet - jogge vidare til Olsokfjellet - også ned igjen. I mild kveldssol var dette heilt fantastisk! Bilete frå Olsokfjellet med Lyderhorn i himmelsynet. Dette vart fast onsdagsaktivitet i heile mai! Ja, takk til bonusturar som dette!

I mai var skulle 40-årsdagen min feirast så ofte som råd var! Matbileter fra utandørs førfest med spesielt utvalgte venner og kollegaer.

Frå jobben fikk eg ein nydleg bukett på døra som stod i vekesvis etterpå!
På sjølvaste bursdagen hadde vi oss ein sjeldan tur til byn for å sjå på folk og bygningar - og spise på restaurant; det var deilig! Dagen vart avslutta med rosevin på Bryggen og ei natt i suite med cremant levert på døra. For eit luksusliv!

17.mai vart feira med morgonkorpstog, spontan tur til venner, utelukkande snopemat og strålande sol!

Fjellet var der framleis og eg kunne sjå at sola var høgare på himmelen for kvar veke!Pollen begynte etterkvart å roe seg ned også. Det hjelper på!

Runde tre av 40-årsfeiring vart gjennomført med nye donuts frå Happy Donuts og deilige timer i sola!
Omsider fikk eg prøvd julegåva mi - ein oppblåsbar kajakk! Det var supergøy! Vi prøvde også SUP - det var jo nesten enda gøyare! 
Onsdagsturane mine fortsatte - her mellom Damsgårdsfjellet og Olsokfjellet med utsikt mot byn. Fløyen til venstre og Ulriken til høgre.
Mai er sommarvær! Siste helga i mai hadde vi badedag med SUP og kajakk. Så gøyt!

tirsdag 4. mai 2021

Jeg velger meg april - i alle årets sesonger

April starta med påskeferie, og det finnes vel ikkje ei bedre måte å starte ein månad på! Vi satte fram utemøblane, boblebadet og trampolina og fikk steike oss i skikkelig sol!

På påskeaften tok vi turen til Øygarden kommune og gjekk løypa "Ord i spreke spor" - over mellom annna ein 22 meter stor gitar!
I le for vinden var det kjempevarmt og fint! Vi luncha på tur, men stakk innom butikken etterpå for ein velfortjent is!

Vi køyrte til Glesvær Rorbuer der vi hadde booka oss ei natt i påskegul rorbu. Dette var eit lite stykke sørland i vest! Vi hadde det fint der eit døgn før vi satte kursen mot Bergen igjen.

Boblebadet fikk sin renessanse rett før ei ny lang istid kom over byen. Her like før det vart under 0 grader - kun regn og innimellom hagl. Da er det finfint å bade med regnhatt!
Det kom masse snø som la seg og vart liggande lenge!
Men da fikk vi prøve boblebad om "vinteren". Det var ganske fint. 
Ein laurdags førmiddag i Gamle Bergen med snø og sol. 
Det tinte veldig sakte! Vi hadde fleire dagar med mildvær før den knallharde snøen forsvant. Under den venta jo våren!
Ein rask tur oppom Damsgårdsfjellet veka før Bergen stengte alle aktiviteter for barn og unge. Det gjekk uansett fint tidsmessig medan lillesøster svinga seg - så det gjør eg gjerne på nytt når fritidsaktivitetene åpnar igjen.
Vi rakk å gjennomføre 13-årsbursdag før det ikkje lenger var lov. Sjølv om vi feira med kohorten valgte vi innpakka egomat til alle.
Jobben satte i gang med Sykle til jobben-kampanje, og det var rom for ein tur i arbeidstida. Få minutter unna heimekontor er utsikta god - men det var vanskelig å forlate PC'en!

På månadens siste dag tok eg turen innom det som eigenlig er kontoret mitt i år. Kven veit om eg faktisk kjem til å flytte inn og ha arbeidsdagar der.

torsdag 8. april 2021

Vår! Og mars

Påskete i lausvekt heile vegen frå Oslo, nam! A.C. Perch's Thehandel altså! Luksus!


Det er iskaldt om natta og solvarmt om dagen. Nokon deler av hagen vår får enda ikkje sol, og der er det is langt uti mars! På andre deler steiker sola så ein må ta av seg strikkagenser OG brette opp buksa!

Kveldstur opp på ein topp like ved huset vårt. Hei hei sola!
Strikkeprosjekt i sesongriktig farge. Te, stearinlys og ein liten duk i hardangersaum som ei venninne laga til meg til 35-årsdagen min.
Eg rakk å hente roser på appen Too good too go, og de var så fine! Lukta godt gjorde de også, og det er jo ikkje alltid de luktar noko!
Kveldstur i Fyllingsdalen medan eg venta på lillesøster. Det blir så plutselig mørkt at eg måtte føle meg fram gjennom skogen når eg skulle tilbake til bilen.
Utandørsaktivitet med masse folk rundt oss - så fantastisk det er å SJÅ folk!
Joggetur i lys og med låg vårsol!
Rett før påske kjøpte eg meg ny mobil - og dette vart første biletet! Bålpanne og bobler hos venner medan ungane fikk etterlengta tid heime aleine.
I påska fikk vi ein 13-åring i hus! Ønskekake var blautkake med vaniljekrem og (jord)bær!
Med heimepåske 2021 i kikkerten kjøpte mannen eit puslespel med 2000 brikker som han og lillesøster la på nokre dagar. Vi rydda vekk kontoret mitt og brukte plassen til pusling. 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...