torsdag 20. februar 2014

Gufs får fortida

Eg trur alle nabolag hadde ei. Ei nabodame som var sur og grinete og som liksom luska bak gardina og berre venta på at ungane i gata skulle gjøre noko ho meinte de ikkje hadde lov til slik at ho kunne opne vindauget på vid gap og brøle "HEI! KVA ER DET DU TRUR DU HOLDER PÅ MED?"¤%/%))%¤&/"

Vi hadde ei slik. Ho var også mamma til ei jente og ein gut på alder med meg og lillebroren min. Derfor hadde vi kanskje ekstra mykje med ho å gjøre. Eg elsker å dra ho fram og fortelje historier om ho! Historier som tida har smurt ekstra godt på slik at nesten ikkje er sanne lenger; men gøye er de!

La oss kalle ho for Møyfrid. Eller Gretne Grete. Eller Rollaug.
Kva hadde Gert sagt om ho såg at eg lar ungane spele data midt på dagen???
Den siste veka har eg spotta ein ny pappa i barnehagen. Han kjem inn med sin lille son kl.08:00 presis, akkurat når eg er på veg ut etter å ha levert mine to. Han er heilt ny; og det kan ein sjå fordi han ikkje helser. Ellers helser vi (iallefall eg) på alle andre foreldre i garderoben. Eg kjente han igjen med det samme. Det er sonen til Betre (eller Møyfrid)! I går stirra eg på han så lenge at han faktisk helsa med eit lite "hei". Kan vere der var dråpen - for I DAG - var det Oddbjørg (eller Betre) som leverte barnebarnet sitt!

Ein skulle tru at eg var redd når eg møtte barndommens heks, men det vart eg faktisk ikkje. Eg vart heilt lattermild når eg såg ho - og eg trur ikkje ho kjente meg igjen. Eg smilte mitt gladaste morgonsmil og kvittra "God morgon (og her var eg millimeteren frå å seie navnet hennes!)" Ho smilte litt tilbake (ho KAN faktisk smile!) og svarte nesten like hyggleg "God morgon". Det kunne ikkje stoppe der, kunne det vel? Ho skulle til å kave seg ut med barnevogn, så eg sa "Eg kan holde oppe døra for deg eg". Ho trilla vogna over foten min, sa "takk" og "ha det", og eg svarte "Ha det bra!" og med det var augeblikket over.

Ho likar voksne. Tydlegvis. Og heilt sikkert det lille barnebarnet sitt. Livet har gått vidare.

2 kommentarer:

  1. Nesten litt skuffende at hun var ganske hyggelig.. Hun kjørte nok over foten din med vilje ;)

    SvarSlett
  2. Hahaha, ja det var eigentlig det! Eg hadde elska å få ei ny historie! Men eg poengterte hardt det faktum at ho køyrde over foten min da eg fortalte om ho på jobb etterpå! For ho gjorde det sikkert med vilje;)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...