April starta med påskeferie, og det finnes vel ikkje ei bedre måte å starte ein månad på! Vi satte fram utemøblane, boblebadet og trampolina og fikk steike oss i skikkelig sol!
På påskeaften tok vi turen til Øygarden kommune og gjekk løypa "Ord i spreke spor" - over mellom annna ein 22 meter stor gitar!I le for vinden var det kjempevarmt og fint! Vi luncha på tur, men stakk innom butikken etterpå for ein velfortjent is!
Det kom masse snø som la seg og vart liggande lenge!
Men da fikk vi prøve boblebad om "vinteren". Det var ganske fint.
Ein laurdags førmiddag i Gamle Bergen med snø og sol.
Det tinte veldig sakte! Vi hadde fleire dagar med mildvær før den knallharde snøen forsvant. Under den venta jo våren!
Ein rask tur oppom Damsgårdsfjellet veka før Bergen stengte alle aktiviteter for barn og unge. Det gjekk uansett fint tidsmessig medan lillesøster svinga seg - så det gjør eg gjerne på nytt når fritidsaktivitetene åpnar igjen.
Vi rakk å gjennomføre 13-årsbursdag før det ikkje lenger var lov. Sjølv om vi feira med kohorten valgte vi innpakka egomat til alle.Jobben satte i gang med Sykle til jobben-kampanje, og det var rom for ein tur i arbeidstida. Få minutter unna heimekontor er utsikta god - men det var vanskelig å forlate PC'en!
På månadens siste dag tok eg turen innom det som eigenlig er kontoret mitt i år. Kven veit om eg faktisk kjem til å flytte inn og ha arbeidsdagar der.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!