mandag 6. januar 2014

Ha - ha - hahosthosthost!

Blåmåndag! Fire veldig trøtte medlemmer av familien er no igang igjen! 2014 - we will love you later! Ungane var kjempeglade for å vere tilbake i barnehagen igjen. To veker heime saman med sjuk mamma er nok. Det er nok for mammaen også. Å vere sjuk alstå.

Blandt frukt, tannbørste, nisseteikning og masker på kjøkkenbenken ligger mitt halmstrå - grøn te!
Etter ei veke på antibiotika er eg enda ikkje hostefri, og no har eg skjekka med nåde mamma, venner, kollegaer og damer i telefonvakt hos legen og konklusjonen er klar: antibiotika SKAL virke, så er eg enda hostete så må eg til legen. Eg passa på å få hostebyge i telefonen da eg ringte legekontoret slik at eg fikk time, det er fleire enn meg som har vore sjuk i jula forstårseg!
Når ikkje eingong antibiotika hjelper - så hjelper ein god kopp te! I alle fall på humøret!
Ingen roleg start på arbeidsåret heller, host host. Vi får sjå kva legen seier. Ikkje har eg fleire tepyramider igjen heller!

søndag 5. januar 2014

Sweet n' low

Da eg budde i USA brukte mor i huset (mor til de tre barna eg var aupair for) å koke kaffe om morgonen som ho hadde med seg i bilen og drakk på veg til jobb i Philadelphia. I koppen hadde ho alltid ein pose Sweet'n low - søtningsmiddel. Eg liker ikkje søtningsmiddel verken i kaffe eller te (dette med unntak av kaffien vi drakk i søramerika - søt og veldig god!), men den lille, rosa posen minna meg veldig om Kathy! Denne posen som er på biletet er eg usikker på kvar kjem frå. Det KAN hende den kjem frå da eg var i USA igjen i 2006, men eg veit ikkje. Den har i alle fall ligge saman med andre sukettposar som eg har til besøk. I haust var familien frå USA på besøk, og Kathy spurte etter noko søtt å ha i kaffien sin. Eg henta skåla der beriblandt denne eine rosa posen låg. Eg såg det etter at eg hadde satt den fram å tenkte at "huff, nei, no tar ho sikkert den posen som eg har spart på så lenge. Posen som minna meg om ho og som eg har tenkt å drikke ein kveld saman med te og mimring om 2001." Det hadde vore litt typisk. At eg sparte på noko så lenge at den det minna meg om ender opp med å bruke det. Men HELDIGVIS så tok ho ikkje den! Før jul drakk eg derfor ein kopp te med Sweet n'low i saman med to Hersheykisses frå delstaten Pennsylvania som eg budde i.
Sånn. Da var det minnet oppbrukt. Derfor er det litt hyggleg å ha det her på bloggen. No skal Norwegian starte direkteruter Bergen-New York, så kanskje det ikkje er så lenge før eg kan skaffe meg ein slik pose igjen?

lørdag 4. januar 2014

Familieplanlegger

Eg arrangerte sjarmtrollparty med nabodamene i haust og da kjøpte eg mellom anna denne familieplanleggaren som henger på kjøleskapdøra. Vi har hatt familiekalender de siste åra, men synes ikkje det er nok plass å skrive på. Slik såg familieplanleggaren vår ut ei veke i desember. Alle har kvar sin kolonne, og den som er heilt til høgre er alle sin. På søndag vasker eg over den og vi startar på nytt med ny veke. Eg har ein a-plan som vi skriver alt i, planlegginga kan ikkje vere på vege-til-veke. Eg ser for meg at eg og mannen på eit eller anna tidspunkt må synkronisere outlook-kalenderen, men vi prøver å klare oss utan å gjøre det.

So far so good - familiekalendern er stor nok og velbrukt!

fredag 3. januar 2014

Sjokolademousse

Jakten på den sunne usunne maten!
Nytt år betyr fulle timar på sats. Fult opp av de som vart gode og mette i jula og som no skal få det av igjen. Det tynnast godt ut, og uti februar er det mogleg å få plass på ein time utan å booke den ei veke i førvegen. Uansett når på året er det stas med sunn usunn mat, så i den samanheng har eg prøvd ein sjokolademousse som eg synas høyres god ut basert på oppskrifta.

2 veldig modne avocadoar
Finriven skal og saft av 1 appelsin (eg brukte klementin)
1 ss honning
2 ss kakaopulver

Mos saman og server til to. Godt? Nei. Det er eigentlig ikkje så mykje meir å seie om det. Eg spiser heller usunn usunn for så å ta meg ein tur på trening neste dag. Heldigvis lagde eg berre halv posjon av dette. Det var lurt.

torsdag 2. januar 2014

Nyttårsønske?

Ingen kommentar?
Eg veit ikkje heil kva eg skal seie om dette. Ho ligger altså å sover inni doen sin. Sanden var rein, for natta etter brukte ho doen til det ho skulle, og da låg ho utanfor inngangen å sov neste morgon.
Ønskjer ho seg ei ny seng kanskje?

onsdag 1. januar 2014

SNØ

Vi er heldige som har fleire akebakker i hagen!
Planen var at vi i dag skulle vere på austlandet og bade i snø. Men influensa og lungebetennelse satte eit stopper for det. Derfor feira vi nyttårsafta i regn - og vindfulle Bergen i staden. Bileta er frå ein snølaurdag i Bergen i desember - vi er veldig glade i snø! Lillesøster fikk mellom anna eit akebrett av oss til jul, og det ønskjer vi oss også :) Til neste år. Ski og akebrett!
Snømåking/kasting er god trening! I haust har eg blitt glad i styrketrening, så når eg fikk kaste på snø både forann å bak huset var eg kjempeglad! Ja, det er gøyt EIN gong!

Håper den første dagen av det nye året er ein god ein! :)

tirsdag 31. desember 2013

Takk for gode minner!


Siste dagen av 2013! Året vi trudde skulle vere plankekøyr frå dag ein! Det har det nesten vore også - ingen store hendelser eigentlig. I åra tidlegare har det vore baby, huskjøp eller bryllup. 2,2 og 1. I 2013 har mannen skifta jobb, og eg har fått fast stilling. Vi har pussa opp og oppgradert huset vårt.
Vi har vore på utallige turar i fjell og mark - både på beina, sykkel og litt på ski :) Det har vore eit fantastisk turår for oss! Vi gler oss alt til våren kjem og vi kan komme oss ut litt meir!
Tusen takk for alle gode minner 2013! Takk for at vi har familie, vennar, jobb og god helse. Hus, hage, bil som fungerar, ein fin og sær katt, hygglege naboar og postkasse like ved garasja vår (postkassa har blitt flytta nærmare oss iløpet av 2013, noko vi set VELDIG pris på!). Takk for at vi svømmer i rips, for at trampolina ikkje vart for ødelagt da den trilla ned frå hagen i april, og takk for at brannen som starta inni steikeomnen slokna av seg sjølv.

Velkommen 2014! Vi ser fram til å fylle det nye året med nye gode minner!

GODT NYTT ÅR!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...