torsdag 25. juli 2013

Bøttegrill

Vi er ikkje fanatiske, men vi liker å vere miljøbeviste. Vi har brukt tøybleier, vi skrur av lysene i rommene vi ikkje er i og vi unngår å kaste mat. Vi må ta vare på ressursane vi har! Når vi har feriert tidlegare har vi brukt eingongsgrillar, og det skjærer meg i hjartet når det einaste vi bruker den til er nokre pølser og litt mais før vi kaster ganske så masse crap. Vi har lenge hatt lyst på ein bøttegrill eller noko liknande som er flott å ha med på tur. I juni  var eg så heldig at eg kom over ein nyopna butikk som hadde bøttegriller til kr.49,- i opningstilbod (ved nærmare ettertanke burde eg ha kjøpt fire!). Sjå kor fin den er! Ungane har alt grilla mykje på den. Laks, gulerot, apelsin og stjernefrukt. Skulle tru de var inspirerte av Kiwi sin sommarkampanje. Oh yes - good food!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...