onsdag 31. juli 2013

Oppussing av lite bad

Da vi kjøpte huset vårt i 2009 var det med ordene "badet skal pussast opp og taket skal bli mala!" Tre og eit halvt år etterpå er det mørke taket i stua blitt ein vane, medan badet har blitt meir og meir slitt og vi har irritert oss grønne over luten plass. Samtidig har vi også likt å ha to vaskar - vi bruker begge to samtidig fleire gongar kvar dag.
Dagen før badet skulle bli rive laga mannen "Pappas frisørsalong og snop" og raka både seg og storebror. Badet på rundt 5 m2 var delt i to med ei skyvedør på midten. Frå gangen kom du inn på do og liten vask, før du gjekk opp på varmekablane der ein stor vask og ein stor dusj var. Her var det også ei skyvedør inn til soverommet vårt - men der har vi hengt opp knaggar, så den døra har vi ikkje brukt på eit år.
I fjord sommar mala eg dorommet knall rosa sidan vi alt da begynte å skjekke ut prisar på oppussing.Frå før var det i ein lys cremefarge. Eg må seie at eg elska dette lille rosa rommet! Gøyt å måle eit rom i knæsj farge!
Slik vart rommet da det var strippa for veggar og golv. Her er vi rett på treverket både oppe og nede. No var badet på sitt største! Døra inn til soverommet vårt vart bygd igjen på begge sider. Her har også rørleggarane vore og satt opp rør. Vi fikk samtidig nye rør-i-rør-system i huset og fikk nytt blandebatteri på kjøkkenet. Dusjen var før på venstre side, no ville vi ha den på høgre side (der sluken alt var).
Veggflisen er på plass! Flinke Stefan rydda så fint opp etter seg kvar einaste dag! Vi hadde eit lånetoalett som fungerte som vanleg toalett (de skifta ikkje ut avløpsrør sidan de er så godt som evigvarande) som Stefan monterte og demonterte kvar einaste dag.
To dagar var vi utan do på ettermiddagen. Ikkje ideelt, men alt går.
NYTT BAD og start på sommarferie kom samme dag! Eg og mannen feira med sprudlings i glasset og lot vere å tenkje på den dårlege jobben som elektrikkaren hadde gjort (de skal komme tilbake denne veka og gjøre jobben på nytt).
Servant, speilskap og skuffer frå Linn Bad - utruleg flott! Rullesteinar i dusjen og dusjdører 90x90 som vi slår inn. Akkurat det er nesten eit must når badet er så lite.
Eg elsker lampa i taket!
Vegghengt toalett med glsshyller oppover veggen. Vi har plass til den meste her inne, men har også ein kommode i gangen rett utanfor badet med nokon ting i.

Dette er utan tvil det mest eksklusive rommet i heile huset! Og det første rommet vi har fått laga heilt etter eige ønske! Vi ELSKER det nye badet vårt - no kan vi til og med kle av oss der inne utan å dunke borti ein dørkarm eller ein vask!

LOVE, LOVE, LOVE IT!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...