søndag 25. august 2013

Fuglehus


 I Sverige snubla vi over eit byggesett for barn med mjuke deler som var lette å sage og spikre i. Godt nedsatt i pris kjøpte vi den med oss heim. Vi har sett på denne typen i Noreg også, men det har vore så pass dyrt at vi ikkje har tatt sjansen i tilfelle det viste seg å vere litt ubrukleg. Utanpå var det bilete av eit fuglehus, og den ville storebror lage. På ein ettermiddag i kjellaren bygde mannen og storebror dette flotte fuglehuset (som ikkje er så skeivt som det ser ut som på det øverste biletet:))!
Den yngste byggmesteren var kjempefornøyd og hadde storkosa seg! Pappaen meinte at det var litt for mjukt - mellom anna kunne ein ikkje spikre inn spikrane; ein kunne berre trykke de inn. Det var masse måling og forarbeid før ein kunne begynne å bygge, noko som hadde vore litt treigt for storebror. Sjølv synes eg at fuglehuset er riktig så fint! No står det på utstilling i vindauget på stua og held ein haug med perlefigurer.

2 kommentarer:

  1. Så genialt!
    Har aldri sett slikt før, hva heter det?

    SvarSlett
  2. De selgjer det på Brio-leikebutikkar her i Bergen. Eg prøver å finne ut kva det heiter på nett, men finner ikkje ut av det. Men eg skal følgje med og gje deg ein lyd om eg snublar over det igjen:)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...