fredag 30. august 2013

Lillesøster hos frisøren

Dette lange og flotte håret måtte gå. Lillesøster nekta i to-tre månadar å børste seg og ha i strikk. Vi børsta og tok i strikk likevel, men det vart ikkje akkurat ein god morgonstund utav det. Heldigvis har fleire av vennane i barnehagen kort hår (og den store helten storebror. Pappa og mamma også eigentlig), så da eg spurte om ho ville klippe seg sa ho ja nesten med ein gong. Det gjorde så vondt i mammahjartet som elsker lillesøster med langt hår, som liker å stelle det med strikk og klemmer (så lenge eg får lov), og som synes krøllane ho hadde var heilt nydlege!
Men sjå kor fint! Frisøren var dyktig og rask - lillesøster lot seg bestikke med drops og spel på mobilen min. Hestehalen klipte ho rett av, slik at vi har den med heim til minne. Litt av den skal i babyboka til lillesøster under "Min første klipp". Ho vart altså over tre år før det skjedde:)
Her er ho ei veke etter klippen - håret er falt på plass og ho har tett-tett med hår! Det lange håret var blitt nesten blondt i sommarsola, medan håret under som no kom fram er heilt brunt. Ho har også pannelugg slik at vi ikkje trenger noko i håret i det heile tatt. Vi har i klemme, hårbøyle eller hårband innimellom; når ho vil. Det er ein ting mindre å gjøre om morgonen! Lillesøster er storfornøyd, ho fikk masse merksemd i barnehagen da ho kom med nyklipt sveis "Ho har alltid vore nydleg, men no er ho jo så fantastisk flott!" Verdens beste barnehageansatte som verkleg får alle ungane til å føle seg spesielle! De bytta til og med ut alle bileta de hadde på skuffe og knagg med nye bileter av stor jente med kort hår!

2 kommentarer:

  1. Det er så deilig når det er gjort! Fint du tok vare på hestehalen:-))
    Jenter er fiine med kort hår også:-))

    SvarSlett
  2. Absolutt! også såg ho plutseleg så mykje eldre ut:-)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...