I helga har vi flotta oss på firmahytte med knallvær ute! I går var vi heldige sidan vi slapp unna haustferietrafikken med kun 15 minutters ufrivillig treig køyring (og i følge Bergens Tidene var køa milelong og uendelig treig få timar etter at vi hadde køyrt der), og vi hadde lovd ungane middag på McDonalds i Åsane. Vel heime, og når storebror hadde pussa tennene kom spørsmålet - kvar er Teddy? Teddy hadde dansa som ein gal da eg fann fram The fox på spotify på vegen heim, så vi hugsa alle tydleg at han hadde vore i bilen før Åsane. På McDonalds fikk ungane bøker som de las på vegen heim, så da har vi ikkje sett han. I dag har eg ringt fleire butikkar på Åsane Senter for å høyre om det har komt inn ein blå og godt utkosa Teddy. Ingen har sett han. Det ser nesten ut som om Teddy er vekke. Trenger eg å seie at det er ein trist dag?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!