Biletene på dette innlegget er frå ost-og-vin-kveld med venninner i haust. Kvalitetsmat, ikkje ferdigmat frå frysaren som eg kjem til å kose meg med :)
 |
Dette fatet har eg arva av mormor - digger det! |
Når eg er aleine elsker eg å spise forann TV. Eg liker å ha høy lyd på. Slik at eg faktisk kan høyre det som blir sagt, rett og slett. Når ungane sover i kjellaren lar eg ikkje lyden vere lågare enn at eg kan høyre den, men den er aldri så høg at eg klarer å høyre noko over kbekkebrødknasinga mi. Når eg er aleine er det digg å kombinere bråkete mat med TV. Easy to please!
 |
Heimelaga ripsgele og trekniv frå Maihaugen. |
Du må tru eg har handla inn mengder av forbudt egomat til denne helga! Eg snakker frossen posjonspai frå frysedisken. Pepsi Max. Salatpose for ein. Ferdiglaga raspeballer i 4pk som eg liker å dele opp og steike - nam! Sjokolade. Eg veit at eg kjem til å bli kvalm og dassen av dritmaten, men dette er mykje som eg aldri spiser ellers! Egomiddag har ikkje vore eitt tema på 6 år. Faktisk er det det eg gler meg mest til!
Eg har lånt meg lydbok som eg skal ha på høgtaler fordi eg ikkje trenger å ta omsyn til nokon andre. Også skal eg bruke dagen på å rydde. Berre for å oppleve at det er ryddig heilt til i morgon kveld! Strøk nummer to på dørene - knallbra og ferdig arbeid!
Jada. Eg føler meg veldig aleine, særleg når kvelden kom i går. Og eg gler meg MASSE til at alle tre kjem heim igjen i morgon! De er tusenmillionerganger betre enn frossen pai og brus!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!