I dag er eg og lillesøster heime og rydder hus. Ho var sjuk i helga, og kasta opp søndags morgon. Da må vi - i følge 48-timersregelen - vere vekke frå barnehagen til i morgon. Det er greit eigentlig sidan ho ikkje har spist så masse i helga. Ho er nok frisk nok til det meste i dag, men så er det stor forskjell på å vere heime aleine med meg, og å vere i barnehagen!
Vi har brukt dagen på å rydde og vaske huset, noko som blir vekkprioritert når det er så fint vær! Vi har folk som jobber på huset vårt i dag (også), så da er det ikkje så hyggleg å vere ute i hagen eller på verandaen. Veldig fint å ha bonustid til å få huset i orden! Og sidan eg har lite å gjøre på jobb, gjør det absolutt ingenting :)
Nokre bileter frå hagen vår; det er så deilig med vår og forsommer!
|
Ripsen er på veg - no må den berre modnast! |
|
Ser du hjartet? Elsker lukta av denne! |
|
Rododendron - ikkje min favoritt, men på nært hold er det eigentlig litt fin! |
|
Liker ugras også ;) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!