Av alle nydlege ting lillesøster fikk til burdagen sin var desse heimesydde kledene noko av det flottaste! Berre det at ei travel tobarnsmamma har tatt seg tid til å lage klær til ei lita venninne frå barnehagen er heilt utruleg!
Verdens mjukaste stoff, gode og breie strikker i livet - og mykje plass til å leike! Akkurat som vi liker det!
Ein liten sommarfugl var sydd fast både på tunikaen og på buksa. Eg vart heilt forelska i de sarte, støvete fargane i stoffet.
Også eit fint heimelaga kort med vaskeforklaring. Eg vart heilt mållaus! På dette tidpunktet var også lillesøster mållaus og sliten av oppakkinga; men vi har tatt fine bileter av ho med kledene på og sendt som ekstra takk :) Heldige lillesøster!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!