torsdag 18. september 2014

Yoga

Første gong eg prøvde yoga gjekk eg heim og stupte i seng. Eg sov som i koma i 14 timar! Da eg var i permisjon med storebror gjekk vi på mor og barn-yoga på Yogarommet i byn. Storebror var svært så fleksibel som baby, og er det forsåvidt enda. Eg har også tatt yogatimar som del av jobben min, på Frivilligsentral og på sats. I begynnelsen av august var eg med på Kunst + Yoga som er eit tilbod på kunstmuseet KODE 1. Yogatimen begynner med ein kort omvisning og samtale med kurator om utvalgt kunst som er i museet før vi samlast og har halvanna time med yoga medan museumsbesøkande prøver å liste seg veg mellom ein haug med folk som står med rumpa i været og puster :) Dette er den hardaste yogaøkta eg har vore med på - instruktøren er ein av de beste i Bergen, så det var topp!

Slike gamle Bergenshus draumer eg meg heilt vekk i! Eg parkerte foran dette, og Stotzen er rett bak.
I går var eg på stoltzenyoga. Denne timen foregår på toppen av Stoltzekleiven, så oppvarminga består ikkje av å puste inn og ut nokre gonger - men å taske seg veg oppover 908 trappetrinn i ulik størrelse og bredde. Dette er ein knalltøff tur!
 Om halvanna veke er det motbakkeløpet "Stoltzen Opp", så det var (som vanleg kanskje?) fult i folk nede i Fjellveien der løypa starta, og oppover heile vegen.
 Vel oppe venta ei fantastisk utsikt over Bergen og Askøy. Eg brukte litt mindre tid opp enn eg trudde (takk til halvmaratontreninga), så eg hadde god tid på toppen til å nyte sola og den friske lufta før yoga starta kl.19.


 Også her var det ein veldig flink instruktør - og det var heilt nydleg å stå ute i frisk haustluft å trene yoga. Eg hadde hatt med meg ein ullgensar opp, for det vart fort litt kjølig. TV2 var der også, så det blir sendt eit innslag på God Morgen Norge, men eg veit ikkje når.

Etter ein time var vi godt utstrakt og møre. Eg gjekk opp igjen til Sandvikspilen for å sjå litt på solnedgangen i vest - nydleg! Heldigvis vart eg der ikkje lenge, for innan eg var komt meg ned igjen var sola gått ned, og det begynte å bli vanskelig å sjå kvar trappetrinnene var.

Ein flott avslutning på ein heilt vanleg onsdag!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...