mandag 24. november 2014

Superheldig!

For halvanna veke sidan traff eg ein bergensk artist som for nokre år sidan gav ut ei lydbok som mine to unger elsker heilt og fullstendig! Den er ikkje i salg lenger, men vi har lånt den på biblioteket fleire gongar, og da er det berre den som blir spelt! Eg møtte denne flotte dama i jobbsamanheng der jobben min var arrangør. Eg tenkjer at eg er på jobb når eg er på jobb, så eg vil ikkje overøse folk med eigne personlege erfaringar eller meiningar. Derfor synas eg at det var vanskelig da eg etter konserten hadde så lyst å spørre ho om det var mogleg å kjøpe lydboka. Eg valgte den litt meir profesjonelle innfallsvinkelen der eg sa at lydboka på biblioteket var veldig hakkete, og at lurte på om eg skulle be de om å bestille inn ein ny. Kvar kunne de evt gjøre det?
Lillesøster spelar piano medan vi hadde heile soverommet pakka ut i stua i oktober. 
Ho såg litt spørrande ut, så eg sa at vi hadde lånt den eit par gongar, og at ungane våre ikkje hadde høyrt midten sidan CD'en hakka over nesten to heile kapittel. Og da måtte eg slenge på at de er så glade i denne lydboka! Da smilte ho og sa at ho hadde ein CD i bilen som eg kunne få! ÅJ ÅJ! Megaheldige meg! Men så drukna ho i (andre) tilhengarar, så til slutt kunne eg ikkje berre henge rundt ho - så eg takka for meg og gjekk. Heime fortalte eg mannen kor nær eg var. Oh well. Eg har bestilt ho inn igjen til juni 2015, så da fikk eg prøve på nytt da.
Også zoomer vi litt inn: ryddig!
Men kva trur du kom i posten på jobb i dag? Jo! Ei flunkende ny lydbok - ikkje ein gong plasten er riven av! Ingen julegåve kjem til å overgå denne! Ikkje det at eg kan vente til jul heller - denne fikk de sjølvsagt med ein gong! Eg tok bileter av glade unger som eg skal sende på mail til artisten i morgon, saman med eit enormt stort takk! Tenk å vere så heldig da!!!

1 kommentar:

  1. åh! nå er jeg spent på hvilken lydbok som slår slik an! tips?

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...