Sidan det var rullematte i pakken ville eg lage Maki Sushi - altså desse rullane som alle sikkert har sett. Vi kjøpte inn sushiris, sylta ingefær, nori og salmalaks. Let the party begin!
Sushirisen vart akkurat som den skulle, klissete :) Etter tips om å dyppe hendene i eddikvatn før ein tok i risen var det ingen problem å fordele den utover sjøgrasarket (nori). Eg hadde også på rå laks, agurk og mango før eg brukte matta til å rulle det heile saman til ei slags pølse.
Lett! |
Til sushien hadde vi sweet chillisaus og soyasaus som vi dyppa i. I tillegg hadde vi sylta ingefær, som eigentlig er for å nøytralisere smaken i munnen mellom ulik sushi - og derfor heilt overflødig i denne samanhengen - MEN eg er så glad i det, så det var godt uansett! Eg har spist litt sushi tidlegare, og synas det blir mykje ris og lite anna, men ok godt. Mannen hadde ikkje smakt det før, men likte det ok han også :)
Det er i alle fall kjempelett å lage eigen sushi - og skikkelig gøy med noko anna til laurdagskosen foran TV etter at ungane er i seng! Tidlegare har eg også laga ferske vårrullar, men det tok eg ikkje bilete av. Det også var gøy å lage. Og ikkje minst er dette enormt mykje sunnare enn det meste av anna "kosemat" som ein gjerne lagar seg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!