torsdag 27. august 2015

Platning?

Med direkte utgang frå kjøkkenet har vi eit område som vi brukar mykje, men som nok kunne ha vore utnytta betre. Mannen har lenge hatt lyst på platning her, og da de nye naboane i tomannsboligen vår bygde platning på sin del vart lysta enda større.
Her bak er det ettermiddag - og kveldssol. Vi har noko møbler her, men sitter like gjerne i trappa. Da naboane bygde platning i juli bygde de også ein vegg mellom oss, oppå den stygge muren som de tidlegare naboane satte opp for å holde hundane på sin side av eigendommen.
Vi har snakka om at vi ville ha ein vegg der vi også, for å få litt meir privatliv der. No tok naboane seg av jobben og utgiftene, og vi synas det er heilt topp! Biletet over er tatt dagen før de begynte å bygge vegg. Når de har platning er det eit stykke over bakken enn oss, så det vart ein rar høgdeforskjell! 
No som vi har eit eige privat område er det plutselig kjekkare å gjøre noko utav det. Det har jo for så vidt alltid vore privat, men no er det blitt litt ekstra kosleg med vegg - lunare på ein måte. På den andre sida vart vi veldig lukka nedi her, når vi mista utsikta over nabotomta og bortover i nabolaget. Litt mindre luftig, noko som både er fint og litt ikkje fint.
Vi har ikkje kjøpt nye møbler til området her bak enda, de møblane vi har er gode nok - og det er ikkje mykje plass her. Det blir større når vi bygger platning, og da ønskjer vi å ha ein sofa her. Vi fikk ei prisantydning av han som bygde hos naboen, men kom fram til at vi (les : mannen) heller vil bygge sjølve. No ser det ikkje ut som om det blir i år, men det går heilt fint.
Småting som puter, tepper, levande lys og duk gjør området meir innbydande - medan vi venter på at det skal bli platning her kanskje ein gong. Her spiser lillesøster brokkolipannekaker til kveldsmat i sola.
Storebror sitter helst inne. Han liker ikkje når det er litt kaldt, eller når det er litt varmt.
Her er veggen. Ingen kan sjå at eg drikker vin midt i veka - moahahaha! Med hotelltøfler på :) Og utvaska joggebukse - EG ER HEIME!
Vi bur jo midt i ein bakke, så dette er utsikta oppover. Vi sitter liksom nede i ei grop. Men det er greit det! Naboane skal kutte av trærne som blokkerer kveldssola vår - vi kan jo aldri få nok sol!
Også er det jo så fint når eg er ferdig med joggeturen min, å berre springe bak huset og strekke godt og lenge ut på utendørsteppet mitt utan at eg må "smaltalk'e" med naboane - svett og fæl! Sånn i og rundt vårt eige hus er det fint å kunne vere heilt i fred. Heilt i fred blir det ikkje i tomannsbolig, men når vi har fått dette bakområdet avlukka på denne måten blir den meir privat og kan brukas til andre ting - fleire ting i fleire tilstander - enn før. Platningen blir bra når den kjem, i mellomtida bruker vi området mist like masse som vi kjem til å gjøre når det er nytt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...