mandag 23. november 2015

Søndagslunch på bål

Rett etter frukost i går pakka vi sekken for å komme oss til skogs medan det framleis var sol. Det er ikkje det at vi bur langt nord eller noko, men det blir fort mørkt for tida!
Vi ville prøve oss på pinnebrød, og fann oppskrift på klikk.no.  Der var det også tipsa om korleis ein varierte litt, så eg delte deigen i to - halve med soltørka tomater og krydderurter, og halve som den var med tilhøyrande sukker og kanel som vi kunne strø deigen med. Mmmm! Ut på tur!
Vi hadde hatt melderunde på laurdagskvelden og måtte innom nesten alle vi kjenner med barn i nabolager før vi traff nokon som ikkje hadde omgangssjuke. Huff altså!
Utsikt mot Lyderhorn frå Alvøskogen. Vi gjekk frå Alvøen Idrettsplass til Gullaksdalen.
Vel framme var vi glade for at bålstaden ligger slik at sola steika inn dit, for sjølv om det var minusgrader i lufta varma sola godt! Etter masse fram og tilbake (hahaha!) klarte vi å tenne bål - og spikke nok pinner til at vi kunne begynne å grille lunch! Jentene lot pølsene så vidt gli over flammane før de var ferdige og kunne spisast - medan vi over 7 år hadde litt meir tolmod!
Ingenting er som å sitte i vintersol og grille pølser med pinnebrød og berre ha veldig god tid! Oppskrifta er til å anbefale, oljete og søt- mmmm! Dessertversjonen med sukker og kanel var også veldig god!!
Det er ikkje måte på kva vi pakkar med oss på tur, men vi trengte nesten alt! Etterkvart kom det så masse folk at vi følte at vi måtte pakke saman og gå slik at andre kunne nyte bålet og den finaste staden i Gullaksdalen! Enkelte søndagar er det som om det er folkevandringar i skog og på fjell, og særleg slike flotte dagar som i går!
På vegen heim fikk lillsøster nok, så det var ein del sutring. Litt for varm i dressen sin, litt for tung med vintersko på og eg veit ikkje kva. Det var godt å komme heim, smelle på ei lydbok og legge oss i sofaen med teppe på og slappe av. Resten av søndagen gjekk med til rolege heimeaktiviteter utanom storebror som fikk besøk og herja vidare. Vi har sove godt i natt alle saman! :)
Istappjakt! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...