Vi køyrer fortsatt 7-vekers meny - og no er det ikkje lenge sidan eg bytta ut 8 matrettar med 8 nye. Det er ikkje alt vi liker like godt, så innimellom (to gongar i året) byttar vi ut noko.
Vi har minst ein vegetarrett i veka, og no med den nye reviderte (haha, men den er jo det) menyen har det komt inn enda fleire vegetarrettar. Fordelane med å spise vegetar er mange, både økonomiske, miljømessige og helsemessig. For meg handlar det mest om at eg eigentlig ikkje liker smaken av kjøtt. Ofte når vi spiser kylling - som er den kjøttypen vi spiser mest - prøver eg å få minst mogleg kjøtt på fatet. Da er det fint å ha noko til middag der eg liker alt.
![]() |
Vegetar indisk curry-gryte |
![]() |
Veggisburger - ein lærdom :) |
No er det mannen som lagar middag i vekene, men når det er eg som lagar synas eg det er så mykje hygglegare å lage noko med masse grønsaker og skikkelige råvarer framfor ein pakke pølse og ein pose med pulver! Vi spiser det også, pølser altså, men alt med måte - og gjerne meir av veggis enn andre ting. Der kan ein jo fråtse om ein ønskjer det!
Etter denne snopehelga vi har hatt er det i alle fall på sin plass med sunn og næringsrik mat i dag! :) Særleg fordi vi skal ha besøk etter middag med Halloweenkakerestar på bordet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!