Apropos jobb og der vi eigentleg held stad - vi deler inngangsdør med eit anna firma. Akkurat i vindauget ved inngangsdøra satt det ein kar. Han var alltid komt på jobb når eg dukka opp i 8-tida, og han satt der alltid da eg reiste heim kl15:30. Og han vinka. K V A R E I N A S T E G O N G! Eg snakka aldri med han, men han vinka sånn veldig masse kvar einaste gong eg gjekk forbi. Dette gjalt ikkje berre meg, men alle vinka han til. Lite og feminint, eller stort og voldsomt. Rett innanfor vinduget. Nokre cm unna der ein står og skal gå inn.
Dette var sjølvsagt ein snakkis på kontoret, vi kalte han for "vinkemannen" og nokon hadde til og med snakka med han. Heilt normal sa de. Men så var det den vinkinga da.
Tre år i samme hus gjekk, og no like før jul flytta de. Det var tomt i vindauget nokre dager, også dukka denne teikninga opp.
![]() |
LÆTTIS!!! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!