mandag 2. mai 2016

Ein 5 år gammal tenåring

Denne flotte ungen med denne flotte sveisen går igjennom ei lita pretenåringsperiode no. Dette hugser eg godt at storebror også gjorde våren før han begynte på skulen, så vi veit kva det er - men det gjør ikkje perioden hygglegare.
Stor sveis, lita jenta :)
Det er kort veg mellom hysterisk latter og tulling til megasinna utbrudd og tramping ned trappa, "La meg vere i FRED!!!" Storebror banker forsiktig på døra, og alt vi høyrer frå rommet er "SLUTT! LA MEG VERE I FRED!!!" Vi forstår og lar ho holde på, storebror blir lei seg og skjønner ikkje heilt kvar den gode og snille lillesøsteren hans har tatt vegen.
Fugleperspektiv
Det er ei tolmodighetsprøve, samtidig som det absolutt er verst for sjølve ungen - ho som går igjennom prosessen. Mannen seier at ho oppfører seg som ein rå og uslipt versjon av meg. Slik sett er det kanskje ikkje rart at det er eg som klarer å nå inn til ho, medan ho irriterer seg mest over de to andre i huset. Det går over snart. I mellomtida er det berre å liste seg litt rundt og smile masse - det hjelper!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...