tirsdag 20. september 2016

Søndagstur over Vidden

Det er to år sidan vi gjekk Vidden sist, så de siste vekene har eg vore på leit etter ein dag med ok vær og tid til å gå på nytt. Sist var lillesøster 4 år og storebror 6. No har vi ein seksåring og ein åtteåring, så eg var mykje meir avslappa før denne turen!
Vi parkerte ved Ulriksbanen og tok den opp. Vi reiste frå knallblå himmel og sol heime til litt meir skyer og tåke som de ser på biletet. Vi hadde til og med pakka med oss shorts og solkrem - det skulle jo vere sol! På toppen var det kald vind, så vi begynte raskt å gå!

På veg innomver mot varderekka

Ved første varde stoppa vi for å drikke litt kaffe (vi hadde komt oss avgårde så tidleg at vi rakk ikkje kaffe heime først) og kakao. Det var godt med noko varmt, for med det samme vi stoppa vart vi kalde. Vi hadde nok med klær så lenge vi holdt oss i rørsle, så det vart ein kort stopp med litt vardebygging før vi gjekk vidare.
No var det berre å følge varderekka bortover. Dette er min favorittdel. Jamt og gods underlag med mange gode stiar i lett terreng.
Heile tida låg tåka nedi byn, til venstre medan det var sol og fint i Arna til høgre. Vi som var i midten fikk begge deler.
Rett før Borgaskaret fant vi ein lun stad der vi åt lunch. Her har vi komt opp på Altfjellet (637 moh) og gjekk ein litan utstikker for å sjå ned på Lone Camping der vi låg ei natt i det nye teltet vårt i august. Sjå solstrålane da! Herfrå begynte tåka å tetne til, og innimellom var det så tett at vi kun såg frå varde til varde. Det var spanande og gøy sidan vi kjenner vegen godt, det er tett mellom vardene, og det var ganske mange andre som også gjekk - så vi viste at vi var på rett veg. Heldigvis klarna det heilt opp før vi kom til den bratte delen ved Øvre Jordalsvatnet; der er det stup på eine sida og veldig bratt sti ned så der er det godt å sjå skikkelig. Etter at vi kom ned hadde vi nok ei matpause.
Her er vi på veg opp mot Rundemanen (568 moh). Det er fin grusveg som svingar seg oppover, og på toppen var det lovd kjeks og sjokolade til alle!

Vidare gjekk vegen forbi Brushytten og til Fløyen der ungane fikk leike litt i klatreparken. Så gjekk vi ned til sentrum via Skansen Brannstasjon frå 1903.
Den siste halvtimen fikk vi tida til å gå ved å leike "Mitt skip er lasta med", noko som var lurt sidan nokon av oss var leie etter å ha vore på tur i 6 timar.
I byn gjekk vi på Zupperia og åt middag.
Tom Kha Gai - verdens beste suppe!
Bilen stod framleis ved Ulriksbanen, så etter middag tok eg sekken på ryggen og gjekk for å hente den. Mann og barn kjøpte is og tok etterkvart bussen heim. Heime var det godt med ein dusj, også satte ungane på musikk og dansa. Hahaha, sprekinger altså!
Mobilen min brukte masse batteri på turen, og eg måtte slå av RunKeeperen min etter 8 km. Men sidan mobilen uoppfordra tel skritt fikk eg denne meldinga da eg var komt heim. Når eg gjekk 28110 steg; tenk kor mange steg ungane gjekk da!
Her er mannen sitt resultat, som også er de tre andre sitt. I overkant av 17 km på 6t45min. Det er turen sin det! I tillegg gjekk eg frå den raude prikken ved Zupperia og tilbake til nedanfor den grønne prikken der bilen vår stod; 3,4 km ekstra. Det blir nesten ein halvmaraton til saman det. Eg var litt øm i lår og rumpe i går, som seg hør og bør! Eg er i alle fall kjempeglad for alle slike turar vi tar saman; det fyller opp minnebanken vår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...