torsdag 29. desember 2016

Skogstur i SOL

Denne vinteren har eg blitt kjent med mitt (for sesongen) nye personlegheitstrekk - soltilbeder. Så ofte eg kan står eg i direkte sol og tvinger augene til å vere i alle fall litt opne - eg vil tvinge sollyset inn i hjernen slik at det blir solskinn i eit plettfritt sinn! Verken meir eller mindre! Så når vi har hatt dagar med sol - ja, da har det vore lett for meg å prioritere!
Skog og sol!
Etter 10 minutter langs trafikkerte vegar kjem eg til ein skog. Den er stor og vid og vill, men også kjent og trygg og med gode vegar. Det er ikkje alltid eg vil gå på sti. Det er bevist, igjen og igjen, at det som virkar best mot depresjon er fysisk aktivitet. Og det kan vi som ikkje er deprimerte ta med oss også. Fysisk aktivitet øker produksjonen av lykkehormoner; og det kan vi alle ha godt av! Ei undersøkelse eg las om viste at tur langs vegen ikkje hadde samme effekt som tur i naturen. Faktisk vart ikkje de som gjekk langs veg i nærleiken like lykkelege som de som gjekk i naturen! Så det er verdt å prioritere skog, fjell og frisk luft!
Ein liten avstikker vekk frå skogsvegen for å komme ned til vatnet for å beundre noko av det vakraste eg veit - sol og speilblankt vatn.
Dette var enden av turen min akkurat denne dagen. Her bruker vi ofte å brenne bål, men ikkje denne dagen da eg gjekk aleine. Eg gjekk heilt ned til vatnet her også, snudde meg med ryggen til sola og såg desse nydlege grønfargane!
Det er ikkje så aller verst med grøn jul heller! Det er nesten så eg kan kjenne våren (men det er berre i teorien altså)! Når sola skinner frå skyfri himmel er det faktisk ein liten lunk. Vintersola varmer på ein heilt anna måte enn sommarsola. Det er sikkert fordi eg er så uthungra at det kjennes ut som rein medisin!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...