"Kabalmysteriet" av Jostein Gaarder var ein av favorittbøkene mine som ungdom. Eg las den fleire gongar, og på eit eller anna tidspunkt kjøpte eg den også og har hatt den ståande i bokhylla sidan. I jula kjente eg at det var på tide å ta den fram igjen.
Den er jo berre så god! Historie i historie i historie i historie - og der er vi på øya med kortene som plutselig vart levande. Det er akkurat den delen eg likte best som ungdom. Litt meir moden som 35-åring og eg set pris på de filosofiske delane i like stor grad. Og purpurbrusen? Den høyres fantastisk ut!
 |
Kosepus kjem på fanget med det samme eg setter meg ned. |
Eg har lest det meste av Jostein Gaarder, og den neste eg skal lese (lurer på om det blir for tredje gong?) er "Sofies verden". Den har eg også i bokhylla. Men eg fikk så mange bøker til jul at det er spørs om den ikkje må vente litt.
 |
Klar for lesestund vedsidan av juletreet. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!