Frå Rundemanen er det berre nedoverbakke til Sandviksfjellet (417 moh). Steinete og sleipt, men vi kom oss ned. Her fikk vi det siste klippet - no venta berre nedstigninga til målgang i Marken!
Vi brukte kun 4 timar på heile turen. 12 km, tre fjell og god stemning. Vi hadde fleire pausar undervegs, og ein god og litt lengre stopp på fjell to. Finfint med ny turmulighet på tre fjell! Men neste år går vi fire. Eller - eg kjente på at 7-fjellsturen hadde vore kjekk å gå. Berre for meg. For det er langt! Det gjorde ikkje vondt i går - og det er liksom heile poenget med 7-fjellsturarrangementet (trur eg). :)
Diplom! Storebror fikk sin 3-fjellstur godkjent som 4-fjellstur, og lillesøster fikk den godkjent som 7-fjellstur! Det lønnar seg å vere 6 år!
Årets farge er grøn! Storebror går med si skjorte på skulen i dag; du må tru det er stas!!
Vi gjekk rett på resturant og åt middag, sjølv om det var litt tidleg. Mmmm- det var godt med mat! Og godt å komme heim utan å måtte lage middag. Vi bomma litt på bussen slik at vi måtte gå av busstoppet over 3 km unna huset vårt! Storebror vart hissig som ein veps! Og, joda, vi hadde jo absolutt gått nok! Men det var herleg å komme heim, ta av seg på beina og legge føttene høgt!All ære til mannen som stakk avgårde på fotballkamp nokon timar etter at vi kom heim! Scorte mål gjorde han også! Makan!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!