mandag 3. juli 2017

Bryllup nr.2

I juni var vi i bryllup i sogn. Vi tok halv dag for å komme oss av gårde - det er ein del køyring for å komme seg dit. Akkurat denne helga var det også VossCup, så det var ikkje noko vits å køyre Bergen-Voss. Vi køyrte via Førde, noko som tar litt lenger tid, men med færre bilar.
Etter ein heil dag i bil var det magisk å komme fram til Gaupnetunet og hytta vi hadde leigd der. Hytta var stor og ny og hadde denne fantastiske utsikta! Ungane leika seg i og rundt hytta og eg fikk meg ei god økt med yoga i kveldssola - godt etter 6 timar i bil! Sommarferiefølelsen kom raskt!
På laurdagen reiste lillesøster til frisøren saman med de andre brudepikene. Mannen måtte køyre til Sogndal for å kjøpe kvitskjorte til storebror som var brudesvenn; den hadde vi gløymt igjen heime.
Med kun meg og storebror igjen på hytta slappa han av med speling og eg maltrakterte ein haug med roser som vi skulle hive over brudeparet etter vigsla.
Brudepikene hadde små korger med blomsterblad som de kasta på kyrkjegolvet før brura og faren kom. De var av plastikk. Her er lillesøster si korg etter at ho hadde plukka opp nokon av rosebladene som vart kasta utanfor kyrkja.
Heile førmiddagen var det opplett og ganske varmt, men utpå dagen kom regnet som aldri gav seg. Vi var kledde for sommarbryllup alle saman og vart ganske så kalde! Heldigvis hadde eg raska med meg regnkåpa mi som eg gjekk med nesten heile tida.
Det var dobbeltbryllup - men de gifta seg i kvar sin kyrkje. Her er de tre brudepikene, og "vårt" bryllupspar under den svare paraplyen. Lillesøster fikk på seg ein av storebror sine gensere som ho gjekk med resten av dagen. Ikkje så fint, men lunt.
Det var satt opp eit stort telt til begge bryllupsfestane. Der fikk vi servert middag og dessert.
Etter all maten og alle talene var det dans. Da vart det endelig litt varmare og både eg og lillesøster kunne ta av oss igjen. Kakene kom fram like etter kl.21 - mange nydlege kaker! Kl.22:30 tok eg med meg våre to og gjekk tilbake til hytta. Da var vi trøtte og kalde alle saman - det var deilig å komme seg i seng! Så lenge har ingen av de vore vokne før, men det måtte de sjølvsagt få vere når tante og onkel skulle gifte seg!
Storebror og lillesøster danser sving
Neste dag vaska vi oss ut av hytta og satte kursen for Bergen igjen. Vi stoppa i Jølster for å ta bileter i denne Astrup-ramma som de har satt opp ved enden av vatnet. Vi luncha i Førde og åt middag i Bergen. Det går alltid fortare heim igjen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...