fredag 21. juli 2017

Mål

Det er alltid noko som ligger foran oss som vi gjerne vil nå. Kva som helst. Og når vi kjem dit går det ikkje lang tid før det dukkar opp eit nytt, kanskje meir hårete, mål. Det er så fort å gløyme at virkeligheten ein har i dag på eit eller anna tidspunkt var eit mål. No er du der, men du gløymer å kjenne på det. Dette er heilt vanleg! Hjernen vår er innstilt på å jobbe med det som den anser for å ikkje vere fullendt. Sjølvsagt . den vil jo at vi skal overleve, og da må den fokusere på det som ikkje fungerer; kva no enn den bestemmer seg for at det er. Derfor smakar ikkje måloppnåinga godt så veldig lenge. Akkurat denne tanken prøver eg å ha med meg. Prøver å kvile på laurbærene innimellom. For nesten alt eg har i livet no mitt har vore eit mål ein gong. Mann, barn, hus, bil, jobb. Kanskje ein skal nyte måloppnåinga? Kanskje lenger enn to dagar?
Bergen frå Stoltzekleiven.
For mange år sidan var det eit må å gå opp Stoltzen. Så var målet å gå opp med eit barn. Så kom målet å gå opp med to barn. Så kom målet å gå opp under ei viss tid. Så kom målet at begge ungane skulle gå opp sjølve, utan bæremeis. Målet om å gå opp utan å høyre på sutring nådde vi i vinter.
Ein finværsdag med avspasering i juni nådde eg eit nytt mål. Det var eigentlig ikkje eit mål heller, berre noko eg var klar over at spreke mennesker gjorde. Gå opp de over 900 trappetrinnnene i Stoltzekleiven, og jogge vidare forbi Sandviksfjellet og bort til Fløyen. Eg viste eg ville trene på fridagen min og eg viste at eg ville jogge. Og gå på fjellet. Her kunne eg jo gjøre begge deler!

Og det gjekk så fint! Er eg virkelig blitt ein av de spreke menneskene? Samme kan det være for det var magi å jogge på skogsvegane høgt over byen midt i veka. Eg møtte nesten ingen på vegen mellom fjella, og det har eg ikkje opplevd før! Eg var godt oppvarma (!) etter trappetrinnene og beina gjekk lett.
Bergen frå Fløyen.
Eg jogga ned igjen frå Fløyen, via Tippetue og bort Fjellveien til bilen som stod i Ytre Sandviken. Tilsaman vart turen på 9 km. For ein opplevelse å berre la beina gå! Det ligger ein del arbeid bak, det gjør jo det, men det har eg gløymt når turen går unna så bra! Det slo meg med det samme eg var ferdig, kva kan eg gjøre no? Men nei. Eg skal ikkje gjøre noko. Dette er bra nok!
Resten av dagen satt eg i sola meir eller mindre slik. Restitusjon. Det er det vi må øve oss på. Alt det andre kjem nesten naturleg. I alle fall for meg. Og eg kvilte neste dag også. Og dagen etter. For litt støl var eg jo! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...