tirsdag 18. juli 2017

Bursdagsgåve: oppussa soverom

Lillesøster sitt soverom var storebror sitt soverom da vi flytta inn i januar 2010 og lillesøster framleis var i magen min. Sommaren 2011 malte eg skyer på rommet. Blå på den eine sida der storebror sin juniorseng stod, og rosa på den andre sida der vi satte lillesøster si grindseng. De sov på samme rom i eit halvt år, og det var eit LANGT halvt år. Det fungerte absolutt ikkje!

Etter at storebror forårsaka vannlekkasje frå badet oppe og ned på mitt og mannen sitt soverom nede, vart det rommet pussa opp (ny isolasjon, nytt tak og nytt golv) og i slutten av januar 2012 flytta han inn der. Da fikk lillesøster soverommet for seg sjølv, og eg og mannen flytta opp.
Vi har ikkje gjort noko med rommet hennes sidan 2011. Skyene er søte om vi i det heile tatt har sett de bak alt det andre som fyller rommet. Ho fikk juniorseng og for tre år sidan kjøpte vi denne halvhøge senga slik at ho kunne leike under den. Det har ho gjort masse! Under senga har det vore masse oppbevaringsplass - her har det vore overnattingsgjestar, hytte, scene og sjølvsagt leikeområde.
Vi begynte å leike med tanken om å pusse opp soverommet hennes i vår. Etter nytt bad-prosjektet i vinter hadde vi lovd kvarandre å ABSOLUTT ikkje pusse opp noko meir på leeeengeee, men dette er jo eit lite prosjekt! Så - vi heiv oss rundt. Vi hadde sett på senger med kombinert skrivebord og kanskje sofa under. På fredag sjekka eg på finn.no, og iløpet av ein halvtime hadde vi nye senger til begge ungane! Laurdags morgon tømte vi rommet til lillesøster og eg og ho køyrte på malingsbutikk der ho fikk velge seg ein farge til veggane.
Resten av laurdagen var mannen avgårde og henta senga hennes, medan eg og ho var hos venner. På ettermiddagen sparkla vi rommet hennes slik at det var klart til maling på søndag.
Her ser vi godt de rosa og blå skyene som er malt på veggen. Lampa kjøpte vi til storebror sitt første soverom i 2009. Den henger for langt ned no som vi har fått inn ei høg seng, så den måtte vi dessverre selge. Synd eigentlig, eg digger den lampa! Vi kjøpte ei firekanta diamant-ledlampe med veldig godt lys og som var i plast. Ho når fint borti taklampa frå senga si, så den må tåle å bli tatt på.
Med to soverom under oppussing/endring blir hallen sjåande slik ut. Heldigvis varte det ikkje mange dagane! Her er alt av lillesøster sine ting, samt noko av den nye senga. De to halvhøge sengene som vi gav vekk på finn.no stod også her i hallen. Skapet som lillesøster har hatt klærna sine i er til høgre. Det vart solgt på finn.no fem minutter etter at eg la det ut.
Ny farge er på plass! Lillesøster hadde snakka om rosa, men da vi såg på fargekartet på malingsbutikken falt ho for denne lillafargen. Eg er glad for at den dekka skyene så godt. Her er strøk ein - med litt hjelp på slutten av begge ungane.
Strøk to tok eg samme dag - det er eit kjedelig strøk altså! Måndagen var alt tørt, og medan eg jobba overtid tok mannen av all tapen og bygde seng. Denne er eit finn-kupp! Nesten heilt ny ikea STUVA loftseng - superflaks!
Stor seng på lite rom! Den var for lang til at vi kunne montere den på kortenden av rommet, så no møter den oss idet vi går inn døra. Her er det masse oppbevaring og (aller viktigst) skrivebord!

Bak døra var det før nokon vegghengte hyller. No har vi satt inn den hylla som stod ved vindauget før. Etterkvart kan vi bytte den ut med ei høg hylle, men ho når ikkje lenger opp enn dette no. Skapet til høgre er bygd inn i rommet. Her har vi bytta ut innmaten slik at ho skal begynne å bruke dette skapet som klesskap. Tidlegare har ho hatt garderobeskapet sitt i hallen.
Det etterlengta skrivebordet er stort! Vi skal finne ein kontorstol, men enn så lenge sitter ho på ein gammal trestol som vi fikk da vi kjøpte huset i 2010.
På sfo siste veka før ferien, medan vi gjorde de siste utbetringane på rommet, teikna ho ei fin teikning av det nye rommet sitt:
Ho sjølv og ei pus er også med i huset! Det er senga ho har teikna under fingeren min; med stige opp, bord og skuffer. Eigaren av rommet er kjempegla og meiner at senga er magisk fordi ho sover så godt i den! Ho skal få ei ny leselampe over senga, ei lita hylle som vekkerklokka kan stå på, og nye lys under senga - men så er alt klart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...