lørdag 8. januar 2022

Nyttårsforsetter for 2021

 For tredje året på rad køyrte vi på med alle-får-velge-to-ting-vi-skal-(prøve)å-gjøre-i-år! 

Lillesøster ville på badeland og ho ville gå tur med ein vennefamilie vi har. Badeland vart gjennomført på hausten, og det vart også turen. På nyttårsforsetturen var det så lite vatn sidan det nesten ikkje regna i sommar, at denne varden som vanlegvis står uti vatnet, var mogleg å gå rundt. Eit lite stykke Asia - midt i ingenting.

Storebror ville at vi skulle overnatte ute ein stad som han plukka ut for oss. Siste sommarferieveka sov vi i hengekøyer alle saman. Det var kjempevarmt og moglegheit for både kveldsstup og morgenbad.

Også ville han at vi skulle reise til Hålandsdalen Leirskule der han hadde ei fantastisk veke saman med trinnet sitt i november 2020! Dette var det første vi gjorde av nyttårsforsettene våre, alt ein søndag i januar! Det var snø og sol, vi akte og kosa oss med medbrakt lunch (vi hadde også vore innom ein søndagsopen bakar på vegen!) milevis unna andre folk.









Mannen ville gå rundt Bønestangen i gamle Sund kommune. Der gjekk vi i juni i deilig sommarvær!


Han ville også at vi skulle prøve Vestveggen - eit klatresenter som opna i Åsane i år. Det rakk vi ikkje de helgene det var mogleg å være ute blandt folk, men mannen og storebror var der ein gong i ein annan samanheng. Vi håper vi får prøvd den i 2022!


Eg ville at vi skulle ha ein dag på KODE. Vi valgte KODE 3 og koste oss med samlinga der og ikkje minst dei digitale omvisarane! 

Også ville eg at vi skulle gå natur-og kulturløypa "Ord i spreke spor" opp til Veten, den gamle kommunetoppen i Sund kommune. Det tok vi i påskeferien, med skikkelig vårstemning på vegen.


I tillegg hadde eg to nye vaner eg ville prøve ut. Den eine var å være lengre ute på tur - altså sette seg ned rett og slett. Ikkje sjå på alle turar som trening. Det har fungert bra. Egentlig litt for bra; det er jo deilig å berre ta seg ei pause. :) Men alt i alt trur eg at eg kjem betre ut med pausefokus.


Vidare skulle eg ikkje kjøpe fleire klær eller sko. Med heimekontor i nesten heile 2020 vart ikkje de vanlege klærna mine brukt så mykje, og eg hadde kjøpt ein del nytt. Det skulle være unødvendig å handle inn meir når klesskapet var fullt av gode klær i romjula 2020. Etterkvart viste det seg at eg hadde litt lite av noko og klær blir faktisk oppbrukt. Innimellom var det berre å vaske ofte eller eventuelt reparere det som vart hol i. Som i denne sommerbuksa:

Men hyppig vask tærer på tøyet, så dei siste 3-4 månadane av året hadde eg ganske lite klær å velgje mellom synas eg. Det blir fint å få handle seg noko nytt - kanskje i tide til min første dag på kontoret sidan 12.mars 2020?

1 kommentar:

  1. gikk inn på min gamle blogg som jeg hadd glemt, og fant plutselig fire år gammel kommentar fra deg der du beklager seint svar på en kommentar jeg visstnok hadde skrevet her - så nå er ringen slutta! det begynner å bli latterlig lenge siden exphil-dagene, men send meg en epost på the_minpin@hotmail.com (ja, jeg har fortsatt livets første e-postadresse) hvis du trenger en gamledagerdate en gang i vinter/vår!
    hanne

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...