torsdag 6. mars 2025

Februarliv

Februar var kort som vanleg, men full av gode opplevelser!

Ein av byens samtidsmusikkarrangører inviterte til lyttestund i skogen ikkje langt unna der eg bur. De som hadde fm-radio kunne ta med det - for alt skulle foregå på radiosignal. Eg hadde ein radio som eg kunne bruke, og de som ikkje hadde det fikk låne. Vi kunne bevege oss rundt i området så langt signalene strakk. Dette var heilt fantastisk - og verdt den timen eg brukte på å finne staden det skulle skje!
Eit jazzband eg har høyrt om i fleire år - men ikkje høyrt på - hadde sin avslutningskonsert og eg var der for å høyre (siste sjanse) - og sjå på utstillinga like ved. Til tross for gode kulturelle opplevingar begge stader er det samtalen eg hadde med venninna mi om leppestift eg hugsar best - no, ein månad etterpå.

Eg er heldig og får vere med på dialog om forskjeller mellom østen og vesten i religionsutøvelse og tankesett - og får servert ekte Matcha for første gong. For ein fin kveld dette var!
Ein kollega er gravid, og eg strikker signaturbabysokkane mine som eg sikkert har strikka 20 par av alt, om ikkje meir. Framleis supersøte, og framleis er babyen i magen (men ikkje så mykje lenger).
Eg er prøvepublikum på eit nytt Jon Fosse-stykke som var så bra! Eg skulle ønske skodespelarane stod igjen på scena når vi gjekk over scena og ut - for det kjennes heilt umenneskleg å berre observere også forlate. Men godt teater. Skikkelig!
Vi er på DNS for å sjå det siste stykket de viser på store scene, Den stundesløse. Vi er samman med nokon som aldri har vore der før, så vi er tidleg ute. Så tidleg at salen er heilt tom. Dette var også supert, vi lo kjempemasse! Også er det fint å sjå bygget og teateret litt gjennom ferske auger.
Vi spiser middag på restaurant som tidlegare har hatt ein kunstsamling som i seg sjølv har vore grunn god nok til å gå der. Men sidan sist var heile lokalet pussa opp, og rommene heilt forandra. Ganske stilig likevel.
Det er morsdag, søndag og sol! Vi køyrer heilt nord i Øygarden for å besøke Gløvro og koke suppe på primus. På veg heim stoppa vi på Ormhilleren for å sjå "Blå korall" som er satt ut der. For ein fin dag!

Det er ball på skulen og vi er vakter. Eg er snikfotografert medan eg snikfotograferer mannen som er vakt idet eg er ferdig med min vakt og på veg heim.
Balldronninga sjølv kom heim med nydlege roser som fikk pynte opp kjøkkenet i halvanna veke før de takka for seg.
Eg er på foredrag om eit verdensrekordforsøk til Sørpolen som ikke gjekk heilt som det skulle. Heilt full sal, mykje god vestlandshumor og absolutt inspirerande! 
Vakre Bergen - Fløyen, Musikkpavaljongen og Ulriken.
Eg reiser til Ålesund for nokre dagar og får besøke KODE sitt "lokale" på Flesland med digitaliserte verk av Astrup. Fabelaktig!
På veg sørover frå Bergen stoppa vi sjølvsagt for å ta bilete med Astrup-ramma i enden av Jølstravatnet. Sjå været!
Eg vandrar igjennom den lokale rideklubben sitt område og lar meg sjarmere av enorme hestar og denne lille karen.
I eit av byens gamle bygårder er det eit yogastudio som inviterer til workshop. Sjå desse trappene! Yogadelen var også veldig bra, og heilt utmattande! Ein hadde kopla på ei som laga eigne oljer frå råvarer lokalt i byfjellene, og vi fikk prøve mange ulike oljer som lukta nydelig! De var sikkert gode også, men det er lukta som sitter mest i hos meg :)
På tampen av månaden er vi prøvepublikum på ei Vesaas-forestilling. Det er ikkje ofte eg tenkjer at "dette håpar eg de jobbar vidare med fram mot premiere", men det tenkte eg her. Eg skulle helst hatt bilete av scenografien, for den var 10 av 10, men den var så mørk idet vi kom inn at det gjekk ikkje. Fint tak da!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...