søndag 7. september 2014

Rabarbrasyltetøy

For to år sidan fikk eg nokre stilkar rabarbra som vi planta i hagen. I fjor hausta vi nokre stenger, og håper var at vi i år skulle drukne i syrlege stenger. Men det vart med tanken - for rabarbraen hadde iløpet av vinteren forsvunnet frå hagen (evt drukna i ugras). Eg klaga min naud ovenfor kollegaen som eg fikk avleggaren av i si tid, og dagen etter kom ho på jobb med ein heil bærepose full av stenger frå planten sin! Hausta, utan røtter - til bruk!

Eg hakka de opp før eg oppdaga at komfyren vår hadde tatt kvelden. Derfor måtte eg fryse de i ein månad (måtte ikkje det altså, men tida går) før eg kunne lage syltetøy av de.
1 kg rabarbra, 300 gr sukker og 1 dl vatn. Kok til kokt og hell på reine og varme glass. Mmmmmm!

No har eg fått to avleggarar av mamma som eg har planta på to ulike stader i hagen. På nytt krysser vi fingrane for at vi kan hauste i mengder i 2015!

lørdag 6. september 2014

I DAG!

I dag stod mannen tidleg opp for å køyre svigers til Flesland. De skal ha seg ei veke på Mallorca, og vi er så misunnelege!!

Men vi har andre planar må vite....


I DAG ER DAGEN! HALVMARATON! LET ME KICK YOUR ASS 21 km! eller i alle fall gjennomføre


Ungane på Taxfree. Like før vår avreise til Mallorca 17.mai i år.
Lillesøster er på burdagsfest medan mor svetter seg veg over bruer og vegar. Storebror er på eit lesearrangement. Men etterpå kjem de for å heie meg i mål - så lenge eg held meg over 2 timer. Og det skal gå bra!

I alle fall - send gode tankar rundt 14:30 i dag. Da begynner eg kanskje å bli sliten... ;)

fredag 5. september 2014

7 gode ting på ein fredag



1. Kollega serverte meg nykverna og skikkelig god kaffe på kontoret i dag før klokka 9.

2. Eit av to barn var ekstremt samarbeidsvillig og i godt humør i dag tidleg.

3. Eg har gjort unna fleire saker på jobb som har ligge på vent fordi de er så kjedelige.

4. Eg kjenner sprett i beina og merker at eg gler meg til halvmaraton i morgon.

5. Mamma og pappa kjem på besøk, så eg kjem heim til henta unger og middag på bordet.

6. Mannen oppdaga filmtelefon på mobilen i dag og ringte meg med live film.

7. Klementinene er i butikken og de smakar yammis!

torsdag 4. september 2014

Halvmaratontankekvern

Heile tida. Verkleg heile tida tenkjer eg på laurdag. Så mykje at eg alt er skikkelig lei. Ingenting hadde vore betre enn at eg no kunne ta på meg treningstøyet og bli ferdig med de 21.097,5 meterane slik at eg

SLAPP Å TENKJE PÅ DET!


Ein kan samanlikne det med ein eksamen. Eg har jobba jamnt og trutt og veit eg er klar. Men samtidig har eg ikkje gjort dette før - heller ikkje jogga så langt. Korleis vil dagsformen min vere? Og har det verkleg noko å seie? Eg veit at eg kjem til å komme meg igjennom det, for eg har gått lengre turar enn 21 km, og utan den opptreninga eg har no. Men likevel så kvernar det. Kva om. Korleis. Kva om. Kva om. Kva om.

ARG!
Ser du at dette er Spiderman? Det gjør eg :)

onsdag 3. september 2014

Skulekvardag

De må tru storebror likar seg på skulen! Og det skjønnar eg godt! De gjør så mykje gøy! Eg er så imponert over oppgåvene de får iløpet av skuledagen - og alt de har gjort og lært - kun to og ei halv veke etter skulestart!
Kvar vart den lille karen på 48 cm av?
Ein dag i veka har de uteskule. Og denne veka var oppgåva følgande: finn ting i skogen som begynner på lyden "s". Når de var levert til læraren skulle de telje kor mange de hadde funnet - på engelsk (ja, for det har de lært altså!). Neste oppgåve var å samle 10 andre ting i skogen. Tilbake hos læraren skulle de så leggje desse i ulike kategoriar der de passa saman - basert på størrelse, farge, bokstavlydar eller noko anna.

Eg gir meg over! Ein skuletime i skogen, og de har vore innom norskopplæring, engelsk og matte! Full uttelling!
6 år og 5 mnd etterpå - ikkje lenger så liten.


tirsdag 2. september 2014

Hodefoting

I langdistanseland er det jo desse to tingene som gjør jobben. Hovudet og føttene.



Lillesøster sin første hodefoting vart dessverre laga på Ukesplanleggaren vår,  og er no vaska vekk. Men sjå kor fin den var! Og med eit så fint navn!

Sidan virus herjar i kroppen min brukar eg dagane på å samle energi fram til laurdag. I følgje treningsplanen min skal eg trene rundt 50% av det eg vanlegvis gjør. Eg skulle så gjerne, men det er viktigare å vere frisk på laurdag enn å ha gjennomført nokre siste, korte treningsturar. I dag skal eg på 90 minutters pre-halvmaraton-massasje. Meir avslappande måte å lade opp til 21 km finnas ikkje ;)

mandag 1. september 2014

Heimedag

Er det noko som ikkje passar no - fem dagar før halvmaraton - så er det å bli sjuk. Og da var det akkurat det som skjedde. I dag har eg vore heime og sove masse, og håpar at det tar knekken på kva det no enn er som gjør at eg knapt nok klarer å gå frå bilen til husdøra utan å føle meg sliten.
Frå Otterdalsparken i Kristiansand.

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...