fredag 5. november 2021

Oktoberhøgdepunkt

 

Hausttur i skogen med nydlege fargar og frisk luft. Vi var stort sett sjuke heile månaden, og det var regnrekkord i Bergen; så det vart berre ein skogstur. Men den var god! :D

Få dagar etter at alt opna igjen var vi på show saman med haugevis av andre folk! Eigentlig var folkemengden like spanande som det som skjedde på scena. Så fint å vere saman! Og litt rart.

20 år som innbyggar i Bergen vart feira med drinkar og deilig mat saman med to venninner. For ein fantastisk kveld!
Luftetur i blåtimen.
Nypremiere! Her backstage - sjølvsagt! :) Eg skulle jo på scena!
Togtur over fjellet til Oslo. På Finse var det snø. Og sol! Det var heilt magisk å reise igjen!
I Oslo var det nydlege haustfargar og ganske så varmt! Det var også litt sol, mykje vind og "nett som før". Eg var der i fire dagar, men var nok ein gong sjuk, så dagane gjekk til jobb og kvile.
Konferanseutsikt. Langt der oppe var himmelen blå.

Siste dag før eg satte meg på toget igjen jobba eg frå hotellrommet. Det var heilt supert!
Etter utsjekk jobba eg frå Deichman Bjørvika. Det var fint å i alle fall ein dag utnytte moglegheitane som ligger i å kunne jobbe kor som helst.
Siste helga i oktober var alle friske (woop!), og vi hadde ein liten miniferie på Dr.Holms på Geilo. Vi brukte tida på bading inne og ute, spise god mat, sitte i store skinnstolar foran ein av de store peisane på hotellet, shoppe og berre nyte det faktum at vi omsider var i fin form alle fire! For første gong i oktober :)

Hardangerbrua på veg heim. Så stilig! Oktober hadde absolutt nokre høgdepunkt. La oss hugse dei, og legge alle sjukedagane i gløymeboksen!


fredag 1. oktober 2021

September

Stemming før valgdagen er framleis vanen min etter at eg var folkeregistrert ein annan stad enn eg budde i åresvis - og måtte stemme på førehand. Det er greit med alt som er gjort!


Til tross for både ny jord og netting over kassene for å unngå katt, snegler og fugler - vart avlinga noko tynn i år. Det har vore veldig tørt, men eg har vatna ein del; så eg trur ikkje heilt det er det heller. Dette var i alle fall ikkje noko å skryte av, og ikkje så mykje å bli mett av. Men fine fargar da. Og kortreist!
Vi var langt heldigare med epla! Så fine! Og gode i følge de som kan spise slikt!
Eg var på publikumsprøve på DNS dagar før de stengte ned teateret grunna streik.
Valgvake med IPA og den framtidige statsministeren.
I vår kjøpte eg orienteringskart som vi omsider fikk prøvd oss på. Vi tok de fleste saman med nokre venner på søndagstur, også jogga eg ut seinare i veka og fann de tre siste. Veldig gøy! Også kjem ein over nokre skikkelige blåbærhimmelheter når ein går vekk frå sti! Nam!
I september tok vi oss også ein bydag som vi avslutta med deilig italiensk pizza! Det var varmt nok til å sitte ute - så det var nesten som å være på ferie! Tenk det!







mandag 6. september 2021

Augustliv

Vi forlot våre gode senger heime for ei natt ute i hengekøyer. For meg var dette første natt hengande mellom to trær! Om ein googlar gråhegre lyd, så høyrer ein kvifor vi var vokne delar av natta! Haha; men hengekøya var god!

Siste feriedag på nokon av oss vart feira med McFlurry! Nam!

DNS har vandreteater i lydform i sommar! Den første scena skal høyrast på ved Johanneskirken. Det var fint å vandre i byn etter gammalt, og det var fint å sjå på "scenene" når de som var der ikkje visste at de var ein del av kulissene!
Når det er 22 grader og styrtregn er det luksus for planter å få seg ein tur ut. Og etterpå blir de ekstra grønne og fine!
Arbeidsstart var som vanleg - tungt å få hovudet i gang. Men i år hadde eg tre dagar på kurs i byn; så da vart hovudet tvunget i gang! Helga har sjeldan vore betre som etter den første veka!

Eg satte ei nål i bunad for første gong! Hempene er altså sydd på av meg. Eg trur ikkje eg skal utvide repertoaret heilt med det samme.
Smittebølge fire vart eit faktum og Bergen fikk sine høgaste smittetal sidan pandemien starta. Eg vart også sjuk, men etter ein bomtur og seinare halvanna time i kø på teststasjonen, viste det seg at eg heldigvis ikkje var smitta av korona.
Gode venner med overaktive plommetrær sendte oss fleire poser med deilige plommer. De fleste vart spist, men eg hermetiserte 2 kg som vi har til deilige desserter.
Det to år gamle epletreet vårt klinka til med 14 store og trill runde epler! I vår plukka eg av halvparten slik at de skulle bli store - det fungerte som berre det (sjølv om det gjorde vondt når eg halverte antallet)! Vi lot eplene henge i heile august i strålande seinsommarvær!

Siste bilete i august 2021 vart frodig grønt bilete med noko gul haustfarge på veg. Eg gjekk på ein ås like ved og møtte ein mann på sopptur med kun to soppar i nettet. Så tørr august som vi har hatt gir dårleg soppvekst, sa han. Men desto betre ettermiddager i solveggen da :) 

mandag 9. august 2021

Juli og evig sommer

Etter dag etter dag etter dag med fint vær og fri - er det faktisk fint å komme seg tilbake til kvardagen. I alle fall kvardagen light; det tar nokre veker før alt er i gang. Her er nokre glimt frå juli.

Første veka var arbeidsveke, men så kom vi oss av gårde! Første heile sommarferie i Noreg var i gang! Marihøner og fine blomar på Ål. Og Hallingelva :)
Sommarland, hestar og varme i Bø. Og Covidsmitte viste det seg. Heldigvis gjekk vi fri også denne gongen.

Kolonner på valgte fjellovergang mellom aust og vest førte til ein liten fjelltur i sommarkjole.
Førmiddagstur i Seljestadjuvet - godt ingen av oss har høgdeskrekk!
Ettermiddagskaffe i sola høgt til fjells.
Tur innom Baroniet i Rosendal som dessverre var Covidstengt. Men rosehagen var heilt fantastisk!

Cruise! Eller - kaffe på ferje over Hardangerfjorden. Vindstille og kjempevarmt! Slik det stort sett har vore i sommer.
Grotlesanden. Evig med himmel og hav og sand. August starta også med ferie. Etter tre veker på reisefot avslutta vi ferien i Bergen - og tok med oss nokre gode ferievaner og ikkje minst gjorde vi nokre ferieaktiviteter også der.

torsdag 8. juli 2021

All about June

 Monsterpannekaker fikk sin - om enn kun ein opptreden - renessanse. Sist eg lagde de var det kun eg som åt; denne gongen var det kamp om godsakene. Ypperlig restemat; brune bananer og noko slapp spinat gjekk i røra (og var eigentlig heile grunnen til at eg lagde de).

Nokon fylte 50 år og vi kunne flotte oss med hagefest i knallvær!
Andre har for mykje pels til årstida, og er både varm og langt over snittet søt!
Når det innimellom har vore overskya i juni er det berre å hive innpå med te! Den vakre koppen er 40-årsgåve til meg frå nokre gode kollegaer; og kamomilleteen som ligger i vatnet er frå fjorårets Danmarkferie.
Vi har fått humler i hustaket like ved kjøkkenet vårt. Vi vil ha pollinering i hagen, så vi lar de være så lenge det ikkje blir FOR irriterande. Enn så lenge går det heilt fint! De blir tjukkare etterkvart, så eg lurer på om de på eit tidspunkt ikkje kjem seg inn igjen. Vi får sjå.
Sommarfest saman med mine nye kollegaer (som eg ikkje hadde sett før) med god mat og masse latter!
Utandørskonsert med 600 publikummere, inndelt i 3x200. Konserten var fin, iskald og klissvåt! 
Men mest av alt har juni vore dagar på dagar med knallsol og steikande varme!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...