Stemming før valgdagen er framleis vanen min etter at eg var folkeregistrert ein annan stad enn eg budde i åresvis - og måtte stemme på førehand. Det er greit med alt som er gjort!
Til tross for både ny jord og netting over kassene for å unngå katt, snegler og fugler - vart avlinga noko tynn i år. Det har vore veldig tørt, men eg har vatna ein del; så eg trur ikkje heilt det er det heller. Dette var i alle fall ikkje noko å skryte av, og ikkje så mykje å bli mett av. Men fine fargar da. Og kortreist!
Vi var langt heldigare med epla! Så fine! Og gode i følge de som kan spise slikt!
Eg var på publikumsprøve på DNS dagar før de stengte ned teateret grunna streik.
Valgvake med IPA og den framtidige statsministeren.
I vår kjøpte eg orienteringskart som vi omsider fikk prøvd oss på. Vi tok de fleste saman med nokre venner på søndagstur, også jogga eg ut seinare i veka og fann de tre siste. Veldig gøy! Også kjem ein over nokre skikkelige blåbærhimmelheter når ein går vekk frå sti! Nam!I september tok vi oss også ein bydag som vi avslutta med deilig italiensk pizza! Det var varmt nok til å sitte ute - så det var nesten som å være på ferie! Tenk det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!