fredag 19. oktober 2012

Farger og snoping

Fredags kveld er candynight hos oss. Kvifor fredag? Fordi vi er for snopesjuke til å vente til laurdag. Kvifor ein halvklein engelsk tittel? For at ungane ikkje skal skjønne kva det er vi snakkar om.
M&M og Gourmet Jelly Beans - så godt!
Sidan vi kun spiser snop ein gong i veka nytast det i lange og seine drag. Der kjem handarbeid inn. Dei fredagskveldane eg ikkje strikker er snopeskåla tom før 21-nyhetene. Om eg derimot strikkar spiser eg mindre; og da kan det vare like lenge som Senkveld. God business med andre ord:) I kveld skal eg strikke "kuvøser" av babyullrestegarn. http://www.facebook.com/home.php#!/StrikkForLivet?fref=ts

Ha ei strålande helg folkens! Eg skal på to kulturdagsopningar i morgon, og på barneteater saman med Talel på søndag; gøy gøy!! Også er det plutselig måndag igjen. Men først - CANDYNIGHT!

1 kommentar:

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...