mandag 22. oktober 2012

Ein liten pianist - og andre kulturbegivenheter

Med pengar frå besta kjøpte eg i 2008 eit digitalt piano - vel anvendte pengar! Ungane spelar på det kvar dag, og mannen har blitt ein racer på enkle, små melodiar. Eg spelar ikkje like ofte; men før middag i går hadde vi songstund med meg som pianist. Eg er den einaste som kan notar (og til dels spele piano) - eg trur det er her problematikken med å få tilgang til pianoet ligger. Eg vil gjerne spele etter notar; og da kan eg ikkje ha to unger på fanget og ein mann som improviserar lystige toner like ved og rundt fingrane mine.
Vel, vel...
Helga har i alle fall vore full av kultur! Eg har fått oppleve indisk bambustverrfløyte, jazz, diktopplesing, gospelmusikk, dramatiserte dikt, fantastiske kunstutstillinger, Kazakhstansk historieforteljing og til slutt hysterisk morsomt barneteater saman med storebror; Hakkebakkeskogen som fikk oss til å skrattle og klappe spontant fleire gongar. Det er Kulturdagar i bydelen vi bur i; og det er ein del av jobben min å få med meg det eg kan av programmet. Det blir travle og spanande veker!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...