søndag 6. januar 2013

Nøstebarna sin omslagsgenser

Når ungane er heilt små - så små at de ikkje er unger men babyer - likte eg best de bodyane og gensarane som eg kunne leggje babyen oppå og brette rundt. Alt som betydde at eg ikkje måtte lirke det lille og mjuke hovudet gjennom eit hull gjorde skuldrane mine litt lågare. Derfor strikka eg Nøstebarna sin omslagsgenser da ei venninne var gravid med gut nummer to for , ja, to år sidan.

Med pinnar tynne som synåler og tynt garn vart det lille plagget eit lite evighetsprosjekt - og sjølv om eg var ferdig lenge før guten kom ut - bestemte eg meg for at DETTE plagget fikk ein gut i nærmaste familie få (når det ein gong kom) for dette hadde tatt TID!
 Guten til venninna mi fikk heimestrikka sokker og hue, og ein omslagsbody frå NameIt - denne gensaren har ligge i gåvekassa sidan 2010.
Men no har jo endelig go'guten til tante komt; og gensaren er ein del av barselsgåva frå oss. Han fikk jo julegåve først - som seg hør og bør når jula kjem før vi få sjå han - heimestrikk der også. No har eg ikkje noko fleire strikkeklær på lur, så no må eg til å lage nye plagg. Heldigvis ligger det små englar i fleire magar rundtomkring som eg gler meg til å strikke for!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...