Sjølv benytta eg deler av gårsdagen til å få 90 minutters masasje - noko som resulterte i kunnskap om at hovudpinen eg har hatt de siste vekene stammar frå spenningar i nakken, noko som igjen er typisk "stresshovudpine". Gjett om eg vart stressa av å høyre det?!?
Det er godt å la de store tingene vere i fred - og fokusere på de små hygglege. Som at ettermiddagssola framleis er varm når ein er inne og lar den skine gjennom kjøkkendøra. Som at vi har middagsbesøk og høve til å pynte bordet litt med nye serviettringar. Som at etter foreldremøtet i barnehagen i går var eg så glad og stolt over å vere foreldre i ein barnehage som ikkje berre har flotte barn og ansatte, men som også har flotte foreldre som snakkar i munnen på kvarandre av engasjement og vil vere med i samarbeidsutvalget som eg er leiar i. Det blir godt å ha fleire å dra lasset saman med. Som at lillesøster endelig har sove ei heil natt, og var så utkvilt i dag tidleg at ho hoppa rundt som ein sprettball av rein glede for at det var morgon. Som at eg skal på Powerstep på sats i kveld og berre fokusere på å bli mest mogleg svett. Og som at det i morgon alt er fredag - og vi har ingen ettermiddagsplaner.
Og som at eg faktisk nesten veit at eg er gift med verdens snillaste mann :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!