 |
Gulerot, heimelaga knekkebrød og yoghurt naturell med frø og rips. |
I går kveld trossa eg hodepine og eit behov for å ligge på sofaen og sjå Jakten på Kjærligheten for å gå på BodyBalance på Sats - yoga, tai chi og pilates. Eit halvmørkt rom, levande lys, roleg musikk, og ein instruktør som alltid høyres ut som om ho er forskjøla. Trening frå 20-21 er seint og kjennes ofte ekstra tøft - men denne type trening er midt i blinken. Med 10 minutters avspenning på slutten ("No må dere ikke la noen stjele tiden deres. Dere er her. Nå.") er eg umiddelbart klar for senga.
 |
Perfekt etteryogamat! |
Første gong eg prøvde yoga var i 2002. Eg var student og var godt i gang med bachelor på universitetet og studentteater, pizzabunnbakejobb og fagutvalgsrepresentant. Eg var high på livet, nye bekjentskaper og frihet. Som student får ein masse billig og masse gratis - så dette var ein prøvetime på Bergen Internasjonale Kultursenter. Her stod eg i Kamelen, Krigeren, og downward facing dog og vart trøttare og trøttare. Eg var tilbake på hybelen kl.18:00, gjekk rett i seng og sov til neste dag. Yoga har framleis denne effekten på meg, så i natt kjennes det som om eg har vore i koma. Det tar lang tid å vokne, men når eg først har gjort det er eg veldig utkvilt - deilig!
I dag var mykje av arbeidsdagen bytta ut med kunstutstilling i byn. Skuldrane er på plass igjen og alle har lært noko.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!